Korleis deklarerer du språket i HTML?

Føremålet med å deklarere språket er å gi teknisk informasjon om kva språk som er brukt på nettstaden. Dette er spesielt viktig for tekniske hjelpemiddel som til dømes skjermlesarar, men også for vanlege nettlesarar. Både hovudspråket og avsnitt på andre språk (t.d. informasjon på engelsk) skal deklarerast.

Denne rettleiinga er eit hjelpemiddel for å tilfredsstille delkravet på kriterium 4.5, "hovudspråket er deklarert".

Hovudspråket er det språket det er mest av på den aktuelle sida. Merk at vi her skil mellom nettside (t.d. "Om oss") og nettstad (t.d. heile nettstaden til NAV), og at kvar einskild side må vurderast for seg sjølv.

Viss du har ei side der alt innhaldet er på norsk, skal norsk deklarerast som språk i HTML-taggen. Viss du har ei side der mesteparten er på norsk, men der einskilde avsnitt er på engelsk, skal norsk (som då er hovudspråket) deklarerast i HTML-taggen, medan dei engelske avsnitta skal ha eigen språkdeklarering (t.d. i P). Korleis dette vert gjort er forklart lenger nede i artikkelen. I vurderinga av kva som er hovudspråket skal alt reknast med, som tekst, meny, brødsmulesti etc.

Kva språkkode skal eg bruke?

Bruk språkkodar frå IANA Language Subtag Registry. Dei mest relevante i norsk samanheng er "nb" for bokmål, "nn" for nynorsk og eventuelt "en" for engelske sider. Unngå å bruke "no", bruk heller "nb" eller "nn". Utvida språkdeklarering som "nb-no" (der "-no" er ein regionkode) vert godkjend, men bør unngåast med bakgrunn i at språktaggen bør haldast så kort som mogleg og berre bruke fleire undertaggar (t.d. regionkode) viss dette tilfører ein tilleggsverdi. Meir om dette kan du lese i artiklane Language tags in HTML and XML og Choosing a language tag hos W3C.

Korleis gjer eg dette (teknisk løysing)?

Hovudspråket på nettstaden skal vere oppgitt i HTML-taggen (<html lang=”xx”>), medan innhald på andre språk enn hovudspråket skal ha lang=”xx” på eit omliggande element (til dømes DIV, P (avsnitt), SPAN, eller liknande). Viss alt innhaldet på sida (inkludert meny) endrar seg, skal du bruke ein ny språkverdi i HTML-taggen (<html lang=”yy”>) (sida har då fått eit nytt hovudspråk).

Viss du bruker XHTML som dokumenttype (doctype) på nettstaden og presenterer innhaldet som text/html skal du i tillegg til lang=”xx” også bruke xml:lang=”xx” i HTML-taggen (<html lang=”xx” xml:lang=”xx”>). Bruk av xml:lang=”xx” åleine skal berre brukast når du presenterer XHTML som XML (til dømes application/xhtml+xml). Sjå referansetilvisinga for meir informasjon.

Språkdeklarering som er deklarert på andre måtar enn nemnt over (til dømes http-header eller meta-element) bør du unngå. Desse vil heller ikkje gi poeng i kvalitetsvurderinga.

Publisert: 04. jul 2017, Sist endra: 11. okt 2017

Sharethis

Fant du det du lette etter?

* er obligatoriske felter som du må fylle ut for å sende skjemaet. Hvis du har et spørsmål du ønsker svar på, vennligst se www.difi.no/om-difi/kontakt-oss

Fant du det du lette etter?
*