Medfinansieringsordning for digitaliseringsprosjekt

Formålet med medfinansieringsordninga er å auke digitaliseringstempoet i offentleg sektor og realisere gevinstane av digitalisering.

Om ordninga

Medfinansieringsordninga rettar seg mot små og mellomstore digitaliseringsprosjekt. Statlege verksemder kan søke om støtte opp til 50 % av prosjektkostnadane. Prosjekta må vere samfunnsøkonomisk lønnsame og gi reell gevinstrealiserisering.

Difi har i 2017 fått ei løyving på 111,8 mill. kr til medfinansiering av nye prosjekt.

Søknadsfristen for 2017 var 15. februar.

Hjelp og rettleiing til søkjarar

 På sida Slik søker du finn du søknadsmal (når det er tid for å søke), rettleiing og eksempel på forenkla samfunnsøkonomisk analyse og gevinstrealiseringsplan, svar på ofte stilte spørsmål og lysark frå rettleiingssamlinga i 2016.

Kva verksemder kan få midlar?

  • Statlege verksemder som ligg under staten som rettssubjekt. Dette omfattar ordinære forvaltningsorgan, forvaltningsbedrifter og forvaltningsorgan med særskilte (budsjett)fullmakter.
  • Kommunane og statlege verksemder som er eigne rettssubjekt er utanfor målgruppa og kan ikkje få tilskot gjennom ordninga.

Kva prosjekt er omfatta av ordninga?

  • Digitaliseringsprosjekt med prosjektkostnad frå 5 mill. til 50 mill. (inkl. interne lønnskostnader).
  • Prosjekta kan gå over maksimalt tre år.
  • Prosjekta skal vere sjølvstendige prosjekt/delprosjekt med eiga samfunnsøkonomisk lønsemd og tilknytta gevinstar.

Kor mykje midlar kan eit prosjekt få?

  • Ordninga dekker opp til 50 % av totale prosjektkostnader (inkl. interne lønskostnader).
  • Kvart prosjekt kan maksimalt få 15 mill. kroner i tilskot.

Krav til gevinstrealisering

Det er eit krav at 50 % av netto gevinst internt (i søkjarverksemda) skal realiserast ved reduksjon av framtidige budsjettrammer.  Netto gevinst betyr gevinst fråtrekt varige driftskostnader med ny løysing. Dette gjeld prosjekt som får tilsegn om medfinansiering frå og med 2017. Verksemda får altså behalde inntil 50 % av netto gevinst.

Korleis søke om midlar?

For å få tildelt midlar må det fremjast ein søknad og utarbeidast ei forenkla samfunnsøkonomisk analyse og ein gevinstrealiseringsplan. Malar for søknad, obligatoriske vedlegg og gevinstrealiseringsplan finn de øvst på sida når det er aktuelt å sende inn søknad.

Søknad skal sendast til postmottak@difi.no.

Kva skal verksemdene levere

Verksemdene må levere:

  • Søknadsskjema
  • Vedlegg 1- Føresetnader for utrekning av samfunnsøkonomisk lønnsomheit (NB - malen er justert 14.12.16)
  • Vedlegg 2- Utrekning av netto noverdi

Aktuelle malar finn de øvst på sida.

Vurdering av søknader

Søknader om midlar frå ordninga for vil bli behandla i to trinn.

Trinn 1: Søknadane må stette alle formelle krav, og blir deretter rangert ut frå samfunnsøkonomisk lønsemd, der vi legg vekt på netto noverdi per investert krone samt kvalitative nytteverknader. Vi ser også på korleis interne gevinstar er tenkt realiserte. Verksemder som blir prioriterte for medfinansiering innanfor årets økonomiske ramme, vil få førebels tilsegn om midlar.

Trinn 2: Verksemdene som har fått førebels tilsegn om midlar i trinn 1, må levere ein gevinstrealiseringsplan innan ein gitt frist. Gevinstrealiseringsplanen skal ta utgangspunkt i den samfunnøkonomiske analysen i søknaden. Innsendte planar vil bli behandla fortløpande og endelege tilsegnsbrev sendt ut.

Program for betre styring og leiing i staten

Medfinansieringsordninga er, saman med Digitaliseringsrådet og Strategisk IKT-kompetanse for toppleiarar, ein del av KMDs Program for bedre styring og ledelse i staten.

Sist endra: 
20. jun 2017

Sharethis

Kontakt

Fant du det du lette etter?

* er obligatoriske felter som du må fylle ut for å sende skjemaet. Hvis du har et spørsmål du ønsker svar på, vennligst se www.difi.no/om-difi/kontakt-oss

Fant du det du lette etter?
*