Skate – styring og koordinering av tenester i e-forvaltning

Skate er eit strategisk samarbeidsråd og rådgjevande organ som skal bidra til at digitaliseringa av offentleg sektor blir samordna og gjev gevinstar for innbyggjarar, næringsliv og forvaltninga.

Publisert: 07. des 2014, Sist endra: 08. nov 2019

Skate

Styring og
Koordinering
Av
Tjenester i
E-forvaltning

Skate - eit toppleiarforum

Skate består av direktørane i ni statlege verksemder og to toppleiarrepresentantar frå kommunesektoren. Medlemmane i Skate er oppnemnde av Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD). Siste oppnemning skjedde 1.1.2018 og gjeld for tre år.

Skate-verksemdene

  • Difi
  • Arkivverket
  • Brønnøysundregistrene
  • Direktoratet for e-helse
  • Kartverket
  • KS
  • Lånekassen
  • Nav
  • Oslo kommune
  • Skattedirektoratet
  • Unit - Direktoratet for IKT og fellestjenester i høyere utdanning og forskning

Skate er leia av Difi, som og har Skatesekretariatet.

Skate skal i utgangspunktet ha fire møte i året, til vanleg eitt i kvart kvartal. I tillegg kan det gjennomførast ekstraordinære møter og fagdagar.

Skate har to hovudtypar saker:

To gonger årleg set Skate opp ein hovudplan over kva saker som skal handsamast neste halvår. Difis direktør set opp endeleg agenda for møta.

Møte 2019

For møte tidlegare år; sjå Skate-møte.

Alle møteinnkallingar, sakspapir og referat vert publisert under Skate-møte.

Skate sitt arbeidsutval

Skate vert understøtta av eit arbeidsutval (AU) med representantar frå Skate-verksemdene. AU vert leia av Difi sin leiar av Skatesekretariatet. AU skal i samarbeid med Skatesekretariatet førebu saker for Skate og sørge for god forankring i Skate-verksemdene. Ved behov kan AU setje ned arbeids- og faggrupper.

AU har og eit delansvar i oppfølginga av Difi sin tverrgåande digitaliseringsstrategi.

AU har normalt eit møte kvar månad med unntak frå juli.

Alle møteinnkallingar, sakspapir og referat frå AU-møta vert journalført av Difi på eigne årlege saker for møta i Skate sitt arbeidsutval. Dei er dermed tilgjengeleg for alle som dokument frå Difi på eInnsyn.

Sharethis

Kontakt

Hjelp oss å bli bedre

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldinger blir ikke besvart. Gå til siden med kontaktinformasjon hvis du trenger hjelp.

* Påkrevd

Hjelp oss å bli bedre
*