Høyring - Standard for begrepsbeskrivelse

Standarden blei behandla i Standardiseringsrådet 13. mars. Du finn meir informasjon under eiga kopling i høgre margen.

Publisert: 27. feb 2012, Sist endra: 30. jan 2018

Difi er sekretariat for Standardiseringsrådet, som skal ta initiativ til og leggje til rette for systematisk bruk av IT-standardar i offentleg sektor.

Arbeidet med standardar har som formål å leggje grunnlaget for ei velfungerande elektronisk samhandling mellom offentlege føretak. Dette arbeidet skal mellom anna motverke at offentlege føretak og brukarar blir låste til bestemte teknologiar, leverandørar eller forretningsmodellar. I tillegg er det eit viktig omsyn å skape eit grunnlag for etablering av felleskomponentar og fellesløysingar for alle offentlege føretak og å medverke til ein delingskultur.

Difi har utarbeidd eit forslag til ein standard for korleis omgrep skal beskrivast, «Standard for begrepsbeskrivelse», og ei utgreiing om behovet for ein slik standard, om prosessen bak og om vurderingane som er gjorde i arbeidet med standarden. Difi har gjort dette i tett samarbeid med fleire etatar og Semicolon-prosjektet. Difi ønskjer no kommentarar til forslaget gjennom denne høyringa før ho blir send til Standardiseringsrådet for vurdering. Deretter vil Difi fatte eit endeleg vedtak.

Vi ber om tilbakemelding på begge dokumenta, «Standard for begrepsbeskrivelse» og «Utredning og vurderinger – standard for begrepsbeskrivelser» (sjå koplingar nedst på sida). Vi ber spesielt om tilbakemelding på desse punkta:

  • Finn de standarden nyttig, spesielt med omsyn til å betre samhandlinga i offentleg sektor?
  • Har de innspel til endringar i sjølve standarden (ting som bør takast ut eller inn, klargjering av krav osb.)?
  • Er standarden kortfatta og konkret nok til at de meiner han vil vere enkel i bruk?
  • Er det rett å standardisere krav til innhald i omgrepsbeskrivingar utan samstundes å stille nærmare krav til implementeringa, t.d. spesifikasjon av standarden i eit formelt språk som UML, eller nærmare tekniske krav til menneske- og maskinlesbarheit med tanke på publisering?
  • Standarden skal no testast ut i eit reelt prosjekt. Synest du standarden bør bli obligatorisk etter testen (med eventuelle endringar som følgje av erfaringar frå uttestinga)?

Vi tek gjerne imot alle kommentarar til rapporten, ikkje berre på punkta over. Korte kommentarar kan leggjast inn i kommentarfeltet under. Lengre kommentarar og formelle førespurnader kan sendast på e-post til steinar.skagemo@difi.no. Tilbakemeldingar må komme innan 23. februar 2012. «Standard for begrepsbeskrivelse» og kommentarar vil bli behandla på neste møte i Standardiseringsrådet 13. mars 2012.

Sharethis