H.323 (ITU-T Recommendation)

H.323 er ein standard for videokonferanse.

Standarden gjeld for følgjande bruksområde:

Er H.323 obligatorisk eller tilrådd?

Sjå tilhøyrande bruksområde for informasjon om når standarden skal brukast.

Kort om H.323

H.323 beskriv terminalar og andre einingar for multimedie-kommunikasjonstenester over pakkebaserte nettverk. H.323-einingar kan gi lyd-, video- og/eller datakommunikasjon i sanntid. Støtte for lyd er obligatorisk, medan data og video er valfritt. Utstyr som støttar H.323, kan kommunisere.

Kvifor bruke H.323?

H.323 er standard for videokonferansar. Det er ein standard som er moden, godt utprøvd og akseptert på marknaden. Utviklingsprosessen er open, transparent og ikkje-diskriminerande. Standarddokumenta er tilgjengelege.

Med eit krav om støtte for H.323 ved innkjøp av utstyr for videokonferansar, treng ein ikkje ta omsyn til type videoutstyr ved gjennomføring av videokonferansar.

Fakta om standarden

Versjonsnummer:     H.323 versjon 12/2009

Type standard:          Multimediakommunikasjon

Språk:                         Engelsk

Organisasjon:             ITU

 

Publisert: 16. nov 2015, Sist endret: 22. aug 2018

Deldette