Kva er digitalt førsteval?

Digitalt førsteval inneber at forvaltninga er tilgjengeleg på nett, og at nettbaserte tenester er hovudregelen for forvaltninga sin kommunikasjon med brukarane.

Kva betyr det for brukarane?

For deg som brukar inneber digitalt førsteval at:

  • Du ikkje skal gi informasjon som det offentlege allereie har.
  • Viss det offentlege treng informasjon frå deg, skal du kunne gi den digitalt.
  • Du treng ikkje søke om noko du har rett til.
  • Du får svar digitalt.
  • Du får svar med ei gong viss det ikkje er behov for bruk av skjønn.
  • Du kan enkelt få vite kva det offentlege veit om deg og kven som har sett denne informasjonen.

Kva betyr det for verksemdsleiarar?

For deg som verksemdsleiar inneber digitalt førsteval:

  • Du er ambassadør og pådrivar for fornying og forbetring gjennom digitalisering.
  • Du driv verksemdsutvikling gjennom digitalisering.
  • Du legg til rette for ein kultur prega av innovasjon, nytenking, prøving og feiling.
  • Du sørger for at verksemda sine tenester og arbeidsprosessar tar utgangspunkt i behova til brukarane, også når desse går på tvers av forvaltningsgrensene.
  • Du vurderer justeringar og forenklingar i både internt regelverk, overordna retningslinjer og lover og forskrifter.
  • Du sørger for at dine tilsette får nødvendige digitale kunnskapar og ferdigheiter.

Kva betyr det for deg som tilsett?

  • Du sørger for å halde deg oppdatert om digitale arbeidsverktøy og moglegheiter som forenklar din arbeidskvardag.
  • Du deler erfaringar, tips og triks med kollegaane dine.
  • Du seier frå viss systema og tenestene til verksemda ikkje fungerer.
  • Du er brukarorientert og open for tilbakemeldingar.

 

Publisert: 30. jun 2017, Sist endra: 12. sep 2017

Fant du det du lette etter?

* er obligatoriske felter som du må fylle ut for å sende skjemaet. Hvis du har et spørsmål du ønsker svar på, vennligst se www.difi.no/om-difi/kontakt-oss

Fant du det du lette etter?
*