NIFS-møte 21. november: Innebygd informasjonssikkerheit

NIFS-logo med spøkelse

Årets siste NIFS-møte handlar om korleis vi tek omsyn til informasjonssikkerheit frå start til slutt når vi utviklar tenestene våre

Publisert: 21. okt 2019, Sist endra: 13. nov 2019

Difi inviterer til NIFS-møte torsdag 21. november frå kl. 10:00 til 15:00 i våre lokale i Oslo. 

Innebygd informasjonssikkerheit handlar mellom anna om å tenkje informasjonssikkerheit heilt frå starten av når vi lager nye tenester. Kva er utfordringane og korleis kan vi bli betre på å handsame dei? Eirik Gulbrandsen frå Datatilsynet vil innleie møtet med å sjå framover på kva for utfordringar som kan få større relevans på dette området og kva for nye utfordringar som kan kome opp.

Difis prosjektvegvisar har no informasjonssikkerheit som eit viktig tema, beskrive i alle prosjektfasane. Vi vil presentere dette arbeidet og i gruppediskusjonen ønsker vi tilbakemelding på innhaldet.

Difi har skrive ei rettleiing (sjå dokument i lista nedanfor) i korleis enkle verktøy kan nyttast for å teste etterleving av forvaltningsstandardar for grunnleggjande datakommunikasjon. Vi ber deltakarane om å teste nettstad og e-post for si eiga verksemd med eit eller fleire av verktøya som er beskrive her og svare på dei tre spørsmåla i utkastet til rettleiing. Send svara til hakon.styri@difi.no seinast 20. november og vi vil på møtet ta ein kort gjennomgang.

Som vi pleier inviterer vi og nokre verksemder til å fortelje korleis dei arbeider med informasjonssikkerheit i prosjekter, Altinn kjem og fortel om deira arbeid.

Ta gjerne med deg ein prosjektleiarkollega eller fleir til dette møtet.

Vi sender ut e-post med påmeldingslenke til medlemmene i NIFS-nettverket. Ønsker verksemda di å delta i nettverket eller har andre spørsmål om NIFS, kan du sende ein e-post til infosikkerhet@difi.no.

Agenda:

TidTemaAnsvarleg
09:30Kaffe 
10:00Nytt fra DifiDifi
10:15Innebygd informasjonssikkerhet - ufordringer på områdetEirik Gulbrandsen, senioringeniør Datatilsynet
11:00Pause 
11:10Prosjektveiviseren og innebygd informasjonssikkerhetDifi
11:45Lunsj 
12:30

Gruppearbeid

 

 
13:45Pause 
13:55Kort om veiledning for testing av standardetterlevelseHåkon Styri, seniorrådgiver Difi
14:15Hvordan arbeider Altinn med informasjonssikkerhet i prosjekterRaymond Hagen, Altinn
14:45Avslutning og vel hjemDifi

Sharethis

Kontakt