Dilemmatrening ved øvingar

dilemmatrening skrå

Difi si avdeling for IT drift og utvikling (IDU) har brukt Difis opplegg for dilemmatrening til å gjennomføre beredskapsøving for Digital postkasse til innbyggarane. Formålet var å øve beredskap og samarbeid ved hendingar i løysinga Digital postkasse.

Publisert: 24. feb 2017, Sist endra: 10. jun 2019

Dilemmatrening – informasjonssikkerhet blei utvikla for å vere eit dynamisk verktøy. Utgangspunktet var at det skulle vere eit verktøy for å auke forståinga for informasjonssikkerheit hos ansatte i verksemdene. Vi har sett at det også har verte teke i bruk av leiinga i verksemder som skal utvikle nye retningslinjer og no også for å gjennomføre beredskapsøving. Vi er nøgde med at verksemdene finn nye måtar å bruke dilemmatreninga på og håpar at dette kan inspirere andre til å sjå på korleis dei kan bruke dette verktøyet.

Utgangspunktet for dilemmatreninga til IDU er ei hending i Digital postkasse som dei har handtert.

IDU gjennomførte øvinga ved å trene på dilemma med definerte roller og diskusjon av tema/scenarier. I planlegging av øvinga tok dei utgangspunkt i dilemmatreninga som er tilgjengelege på nettsidene til Difi, og gjorde justeringar for å få dilemma og roller til å passe til denne øvinga.

Målet var at deltakarar gjennom å diskutere dilemma skulle reflektere, få forståing for andre synspunkt og/eller roller og ytterlegare kjennskap til Difi sine prosessar og prosedyrar for handtering av hendingar i fellesløysingane.

I planlegging av alle IDU sine øvingar vert det laga eit øvingsdirektiv og ei dreiebok. Direktivet er kjent for alle som deltar i øvinga og inneheld øvingsmål, tidspunkt for gjennomføring og kontaktpunkt. Dreieboka er øvingsleiinga sin detaljerte plan for gjennomføring, framdriftsplan og scenario. Denne er ikkje kjent for deltakarane. Dreieboka for denne øvinga inneheldt oppfølgingsspørsmål til dilemma som øvingsleiarane utfordra deltakarane med etter som spelet utvikla seg. I tillegg til rollene som ligg i dilemmatreninga vart det laga ei ny rolle, som fekk namnet "Råtne Ronny". Bakgrunnen for å ta med «Ronny» er å ha med ei rolle inn i spelet som fungerer som sand i maskineriet.

IDU valde å ta utgangspunkt i hendingar som dei har handtert. Å ta utgangspunkt i handterte hendingar er både positivt og negativt. Nokre av deltakarane synest at det var vanskeleg fordi ein hugsa kva som vart gjort i «den vanlege rolla» og i dilemmatreninga hadde vedkommande ei anna rolle og vart dermed tvinga til å ta eit anna perspektiv. Dette peiker IDU på som kanskje den aller største nytten.

Kristine Håland i IDU seier «Målet for alle øvingane som vi arrangerer er at det ikkje skal vere ein «prøvelse», men noko som vi skal lære av og ta med oss inn i arbeidskvardagen.»

I forbindelse med øvinga, har IDU også laga perspektivkort på nynorsk. Desse har vi no lagt til i pakka med ekstramateriale.

Sharethis

Kontakt