Arendal kommune: Lengst mogleg i eige liv – i eigen heim

Gjennom prosjektet innsatsteam kvardagsrehabilitering, har tilbodet til brukarar som mottar heimetenester i Arendal kommune gått frå passiv hjelp til aktiv meistring. Satsinga har ført til at fleire brukarar meistrar kvardagslivet sitt betre, og at behovet for heimetenester har gått ned.

Publisert: 13. okt 2014, Sist endra: 01. nov 2017

Behov

Om prosjektet

Kommune: Arendal

Løysingstype: Tenestetilbod

Behovsområde: Velferd

Start: 2011

Slutt: I gang

Kontakt: Ragnhild Vignes

Med utgangspunkt i ei aukande eldrebefolkning og behov for omsorgstenester i framtida, sette Arendal kommune i gang eit omfattande omstillingsarbeid i 2011. Målsettinga var å legge grunnlaget for ei berekraftig omsorgsteneste i dei komande tiåra. Dei fleste som har behov for omsorg ønsker å bu heime og klare seg sjølv. Derfor jobbar Arendal kommune med meistring som grunnhaldning i møte med morgondagens utfordringar i omsorgssektoren.

Løsning

Arendal kommune har etablert ei eiga teneste for kvardagsrehabilitering. Eit tverrfagleg team som består av ergoterapeutar, fysioterapeutar, helsefagarbeidarar, sjukepleiarar, vernepleiarar og sosionomar kjem heim til brukaren for å kartlegge hans/hennar funksjon. Saman med brukaren vert det utarbeidd mål for kva det er viktig å meistre i kvardagen, og det vert utvikla ein treningsplan for korleis måla skal verte nådd. Teamet følger opp brukaren gjennom heimetrening i ein tidsavgrensa periode, til brukaren har nådd måla sine. Arbeidsmetodikken i kvardagsrehabilitering er prega av at fagpersonalet møter innbyggaren/brukaren med ei grunnleggande rehabiliteringshaldning. Kontakten startar med at brukaren vert stilt dette spørsmålet: ”Kva er viktig for deg no?” Dette inneber eit viktig fokusskifte ved at Arendal kommune i staden for å spørje brukaren «kva treng du hjelp til?”, stiller spørsmålet «kva kan trenast og leggast til rette for at du meistrar det du tykkjer er viktig no?” For mange handlar svaret om å meistre sine kvardagsaktivitetar.

Effekt

Kommunen kan dokumentere redusert behov for tenester etter at innsatsteamet har vore inne, og tilbodet får gode tilbakemeldingar frå brukarane som er svært fornøgde med å meistre dagleglivet sitt betre. Resultata frå innsatsteamet sitt arbeid er dokumentert gjennom registrering av ressursbruk på individnivå før, under og etter tilbodet. I 2013 fekk 244 personar tenester frå innsatsteamet. 85 % hadde redusert behov for heimesjukepleie etter å ha fått hjelp frå innsatsteamet.

Gevinsten av kvardagsrehabilitering er rekna til anslagsvis 4 millionar i 2013, og 8 millionar i 2014. Det tar tid å omsette effekt av kvardagsrehabilitering til innsparing drift. Men kommunen har sett at heimesjukepleia har færre brukarar, og at talet på timar i heimesjukepleia går ned.

Prosess

Fokus på meistring er forankra i administrativ og politisk leiing, samt i fagmiljø som har vore i forkant med utprøving av nye metodar for meistring og rehabilitering.

Spreiing

Dette er ein organisatorisk innovasjon med stor læringseffekt for andre kommunar. Arendal kommune har bygt på kunnskap og positive erfaringar frå Danmark, Sverige og eit eige pilotprosjekt som vart gjennomført i 2010-2012. Mange andre norske kommunar jobbar også med kvardagsrehabilitering, til dømes Stavanger kommune, Ullensaker kommune, Bodø kommune og Oslo kommune.

Kontakt

Er du interessert i å vite meir om løysinga? Ta kontakt med Ragnhild Vignes, Einingsleiar i Meistring, rehabilitering og omsorg: ragnhild.vignes@arendal.kommune.no

Sharethis

Kommentarar

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut