Avinor: Førarlaus snøbrøyting

Snømåking på rullebane

Gjennom å tenkje innovasjon og offentlege innkjøp ønskjer Avinor å utfordre marknaden på å utvikle ny og framtidsretta teknologi innanfor kontroll og styring av maskiner og køyretøy inne på flyplassområdet.

Publisert: 08. apr 2015, Sist endra: 20. mar 2018

Behov

Om prosjektet

Statlig aksjeselskap: Avinor

Løsningstype: Innovativ anskaffelse

Behovsområde: Teknologi

Start: Vår 2015

Slutt: Pågående

Kontakt: Kjersti Berg

Avinor eig og driftar 46 lufthamner i Noreg. Eit av kjerneområda er bakketenester som består av plass-, brann- og redningstenester. Plasstenestene om vinteren fører med seg vedlikehald som krev mykje ressursar, både med personell og maskiner, for å fjerne snø og is frå rullebanar og oppstillingsplassar. Avinor ønskjer no å sjå om det finst ny teknologi som kan effektivisere denne oppgåva og samstundes gjere drifta meir sikker og miljøvenleg.

Prosess

Avinor har difor lagt til rette for innovativt innkjøp. I innkjøpsprosessen inngår mellom anna det å informere tidleg og ha dialog med marknaden i forkant av innkjøpet. På den måten får leverandørane tid til å førebu gode løysingar på Avinor sine behov.

Å ha dialog med marknaden er ein viktig aktivitet i innovativt innkjøp. Avinor heldt ein dialogkonferanse 4. mars for å skaffe seg kunnskap om kva som finst på marknaden av moglege løysingar.

Innkjøpsprosessen er heilt i tråd med Difi sine tilrådingar når det gjeld innovative innkjøp. Avinor er elles ein av partnarane i Nasjonalt program for leverandørutvikling, der målet er å bidra til at offentlege innkjøp i større grad stimulerer til innovasjon og verdiskaping.

- Kjersti Berg, seniorrådgjevar i Difi

Utan å binde seg til noko løysing, skisserer Avinor nokre krav til automatiseringa. Maskingruppa sope/blåsemaskiner er mest aktuell å automatisere i første omgang. Her er kravet at køyretøyet skal kunne bevege seg førarlaust inne på flyplassområdet. Ein må kunne aktivere, deaktivere og styre arbeidsutstyr automatisk.

Den valde løysinga må dessutan ha gode nok tryggingssystem. Likeeins krev Avinor at løysinga som blir valt, leverer tilsvarande eller betre kvalitet på brøytetenester enn dagens kvalitet.

Avinor samarbeider med NHO, KS og Difi sitt Nasjonale program for leverandørutvikling i prosessen i forkant av sjølve innkjøpet. Første skritt var dialogkonferansen 4. mars. Avgjerd om vidare prosess skal takast i juli i år, ut frå kva marknaden kan levere.

Les meir om Avinor sine prosjekt her.

Kontakt

Ønsker du å vite meir kontakt Kjersti Berg: Kjersti.Berg@difi.no

Sharethis

Kommentarar

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut