Bamble kommune: Frå busett til tilsett

Bamble kommune

I Bamble kommune gjekk ein stor del av sosialbudsjettet til arbeid retta mot flyktningar, samtidig som det eksisterande tilbodet ikkje var godt nok. Det var behov for å redusere utgiftene i sosialbudsjettet samtidig som tilbodet måtte betrast. Dette kravde nye arbeidsformer, auka samarbeid og fokus på kva brukarane faktisk hadde behov for.

Publisert: 24. sep 2015, Sist endra: 04. mar 2019

Om prosjektet

Kommune: Bamble

Løysingstype: Tenesteutvikling

Behovsområde: Velferd

Start: 2013

Slutt: I gang

Kontakt: Åshild Tveraaen

Behov

NAV hadde ei SOFAK-undersøking som viste at det meste av sosialbudsjettet gjekk til flyktningar. Mange flyktningar fekk tilbod om utdanning, og desse kom seg vidare ut i arbeid. Blant deltakarane som ikkje gjekk utdanningsretta løp var det derimot få som kom seg over i arbeid. Det viste seg at det var eit stort behov for norskopplæring som var knytt opp mot arbeidslivet. Det var også eit behov for å samarbeide med NAV.

Prosess

Fra bosatt til ansatt starta opp som eit prøveprosjekt i 2013, der ein representant frå NAV, flyktningetenesta og vaksenopplæringa såg på ansvarsområde innan fagområda. I introduksjonsprogrammet for flyktningar vart det så utvikla svært gode samarbeidsrutinar rundt ei gruppe deltakarar som var i siste del av programmet. Deltakarane utmerkte seg med stor delaktigheit i norskopplæringa og dei fekk auka engasjement vedrørende sin eigen situasjon. Etter svært gode tilbakemeldingar vart prosjektet og arbeidsmåten implementert i heile vaksenopplæringa, flyktningetenesta og hos fleire NAV-konsulentar. Samtidig fekk prosjektet støtte frå IMDi (Integrerings- og mangfaldsdirektoratet) for 2014.

I 2014 opparbeida prosjektet seg gode rutinar for samarbeid med stordrift. Det har vorte etablert gode nettverk med ressurspersonar utanfor eigne kompetanseområde. Dei som er involverte i prosjektet har felles forståing for kva samfunnsoppdraget deira er, og har på svært kort tid utvikla eit sterkt fundament for vidare arbeid.

Løysing

I eit samarbeidsprosjekt mellom flyktningetenesta, vaksenopplæringa og NAV får flyktningar no eit meir brukarorientert og arbeidsretta tilbod. Flyktningar begynner no i eit introduksjonsprogram dei dei vert kartlagt og tilbydt opplæring i norsk, samfunnskunnskap og arbeidsliv, noko som gjer at deltakarane raskt kjem i kontakt med arbeidslivet. Innan utløpet av introduksjonsprogrammet skal flyktningane vere ferdig utgreia mot jobb og eventuelt statlege ytingar.

               Tidlegare overtok NAV flyktningar etter at introduksjonsprogrammet var ferdig og brukte då lang tid på kartlegging og vidare tiltak. Med den nye arbeidsforma har dette vorte effektivisert. Norsklærarar, flyktningetenesta og NAV møtest no jamleg og jobbar saman mot deltakarane sine mål. Vaksenopplæringa følger flyktningane no tett etter at introduksjonsprogrammet er ferdig og flyktningane er i ein arbeidssituasjon, lærlingordning og/eller utanfor arbeidslivet.

                Prosjektet har også ein kulturkontakt som er knytt opp mot frivilligheita. Slik får flyktningane no i aukande grad eit kulturelt tilbod på fritida, både dei som er i jobb og dei som står utanfor arbeidslivet.

Bildet viser en av prosjektetsdeltakere i sin nye jobb
 

Frå språkpraksis til lærling

Effekt

Dei kommunale sosialkostnadene har sidan 2012 gått frå 4,2 millionar kroner til 3 millionar kroner i 2014. Hausten 2014 sparte kommunen 1,9 millionar kroner på effektivisering og brukarretta arbeid, samtidig som brukarane opplever eit betre og meir individretta tilbod. Deltakarane sine mål, arbeidspreferansar og tidlegare erfaringar vert sterkt vektlagt og ønsket er at deltakarane skal lukkast i arbeidslivet og den situasjonen dei er i. Dette verker avlastande for NAV og gir ein stor menneskeleg verdi for brukarane.

                Ein av deltakarane var utplassert på språkpraksis i ei bedrift der arbeidsgivaren la merke til at deltakaren hadde talent for faget og var spesielt eigna. Dette resulterte seinare i ein lærlingekontrakt for deltakarane i introduksjonsprogrammet. Tre andre deltakarar har no også fått kontrakt med arbeidsgivarar, samtidig er 73 flyktningar ute i språkpraksis i arbeidslivet. Ein av brukerane i programmet beskriv effekten dette har for han slik:

Eg har gått frå elev i klasserom til aktiv deltakar i arbeidslivet. Som farsfigur i heimen gir det auka status og verdigheit å ha vore på jobb. Frå å sitte på ‘vent til lærarar og NAV-konsulentar er ferdige med meg’ er eg vorten aktiv i eige liv. Eg har kortare veg til arbeidslivet, og større nettverk. Eg har fått ei realitetsorientering og opplæring i reelle situasjonar, og større moglegheit til å forstå norsk kultur. Alt dette gjer det viktigare å lære norsk språk.

Deltaker i Fra bosatt til ansatt

Spreiing og skalering

Fra bosatt til ansatt ønsker å utvikle eit betre samarbeid med fleire etatar innan kommunal sektor. Førebels er skule, barnehage og helsefag viktige samarbeidspartnarar, men fra bosatt til ansatt ønsker å verte ein naturleg del av fleire avdeling<r. Fundamentet er godt etablert, men det er moglegheiter for å auke samarbeidet. Arbeidet rundt kvalifisering i retning fagbrev gir også gode kontaktar mot fylkeskommunen og opplæringskontor innan ulike fag.

                Prosjektleiar i fra bosatt til ansatt har vore i Kragerø (nabokommune) for å informere om samarbeidet i Bamble kommune. Joseph Salomonsen ved IMDi Sør ber andre kommunar ta kontakt med Bamble om deira samarbeidsrutinar då desse er svært gode. Prosjektleiar ved NAV Telemark Heidi Tamminen Egge jobba for at heile Telemark skal ta i bruk fra bosatt til ansatt sine samarbeidsrutinar og brukarperspektiv for å sjå løysingar for flyktningar. Prosjektet har også vorte kontakta av kommunar som er interesserte i arbeidsforma.

Oppdatering: Vidareføring hausten 2015

Åshild Tveraaen kunne fortelje oss meir om korleis det vidare arbeidet med Fra bosatt til ansatt går.

Vi fekk nye midlar frå IMDi for 2015 for å vidareutvikle prosjektet. I VIVA (verksemd for vaksenopplæring, integrering og aktivitet) fekk vi ny fagleiar for flyktningetenesta og to nye programrådgivarar. Ved NAV Bamble vart det gjort ei stor intern omorganisering som vart iverksett frå august i tillegg til at det vart tilsett nye leiarar, både NAV-leiar og leiar for flyktningkonsulentar. Det vil seie at berre ein frå det opphavlege forprosjekt var igjen. Det førte til ein del uro rundt rolleavklaring og forventningar til samarbeid. Alle nye tilsette har eigne erfaringar og kunnskap som vil prege vidare framdrift i prosjektet.

Alle har framleis arbeid som mål, men prosjektet vil naturlegvis endre form. Det er enno for tidleg å sjå forma tydeleg. Å avklare forståing av kva som vert kravd av arbeidsoppgåver, tid, mål og samarbeid er særs viktig for eit godt resultat, og at dei menneskelege ressursane vert brukt mot deltakarane og ikkje internt. Utgangspunktet for prosjektet var tett samarbeid, både internt, mot deltakar og ikkje minst arbeidsgivar. Den enkle forma til prosjektet er meir komplisert i stordrift, og dette bør det tas omsyn til.

Kontakt

Ønsker du å vite meir om fra bosatt til ansatt, ta kontakt med Åshild Tveraaen: Ashild.Tveraaen@skole.bamble.no

Sharethis

Kontakt

Kommentarar

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut