Narvik kommune: Utviklingsprogram Narvik

Korleis kan ein kommune som er prega av økonomiske utfordringar, fråflytting og tap av arbeidsplassar, snu utviklinga? I Narvik kommune valte dei å tenke nytt, utradisjonelt og innovativt. Narvik kommune og næringsselskapet Futurum har i samarbeid med lokalt næringsliv utvikla eit utradisjonelt utviklingsprogram som er i ferd med å gi fleire nye bedrifter og arbeidsplassar. I Narvik ser dei no ny motivasjon og aktivitet som er skapt gjennom «utviklingsprogram Narvik». Dette dømet bygger på Narvik kommune sin søknad til innovasjonsprisen 2014.

Publisert: 21. aug 2015, Sist endra: 28. okt 2017

Om prosjektet

Kommune: Narvik

Løysingstype: Utviklingsprogram

Behovsområde: Næringsliv

Start: Vår 2013

Slutt: Haust 2015

Kontakt: Futurum

Behov

I 2013 var Narvik kommune ramma av nedleggingar, nedskjeringar og utflytting av arbeidsplassar. Samtidig var kommunen prega av fråflytting og låg tilgang på nye arbeidsplassar. Framtida for kommunen var derfor usikker. Samtidig var kommunen også pressa hardt økonomisk. Som ein av kommunane med Terra-gjeld fanst det ingen midlar til ekstra tiltak eller eigenandelar til satsingsprosjekt. I denne situasjonen var det Narvik kommune, med Futurum, valte å tenke utradisjonelt. Utviklingsprogram Narvik er eit resultat av dette, og er basert på ein samhandlings- og mobiliseringsstrategi.

Prosess -  Utfordringar blir til moglegheiter

I Futurum AS, som er næringsselskapet til Narvik kommune, registrerte dei at Narvik hadde behov for ei «vitamininnsprøyting» og motiverande tiltak. Dei meinte at det eksisterte mange gode idéar og utviklingsmoglegheiter i det lokale næringslivet, og at desse ville kome fram ved riktig prosess.

Etter å ha lufta løysingsforslaget for Futurums styre, Narvik kommune og Nordland fylkeskommune, og fått positiv respons, gjekk Futurum ut i media og inviterte bedrifter og andre aktørar til eit spleiselag. Dette gav stor respons og innspela som kom inn danna så grunnlaget for ein søknad om forprosjektmidlar frå NFK for å følge opp arbeidet vidare. Søknaden vart innvilga av NFK og Futurum AS gjekk i gang med forprosjektet våren 2013.

Forprosjektet vart avslutta med ein søknad til NFK som var basert på at Narvik skulle stille med ein «lokal» eigenandel i staden for ein kommunal. Søknaden omfatta programmet «Utviklingsprogram Narvik» med ein handlingsplan for 2013.

Det vart gått mange rundar med både fylkeskommunen og prosjekteigarane. Det vart endra på søknadssummen og på talet på prosjekt, og nokre prosjekt måtte reduserast i omfang. Etter denne grundige prosessen stod Futurum AS igjen med eit treårig program og følgande vedtak i fylkeskommunen oktober 2013.

"Nordland fylkeskommune godkjenner rammeverket for handlingsplanen for utviklingsarbeidet i Narvik kommune for 2013. Narvik kommune innvilges med et tilskudd inntil 4 000 000,- til gjennomføring av handlingsplanen for 2013. Midlene skal anvendes i henhold til godkjente planer. Omstillingsmidlene skal primært nyttes til utviklingsprosjekter i en tidlig fase og være et supplement til ordinære virkemidler."

Løysing

Dette er ein utradisjonell måte å tenke næringssamarbeid i ein kommune. I ein situasjon der kommunen er sterkt økonomisk pressa og ikkje kan stille med tilstrekkelege midlar for å utløyse offentleg støtte, går aktørar i næringslivet inn med eigeninnsats i form av timar og reine pengar. Sidan utviklingsprogrammet kom i gang har det vore det viktigaste verktøyet til kommunen for å snu utfordringane til realisering av moglegheiter.

Utviklingsprogrammet har følgande hovudmål:

  • Unngå negativ befolkningsvekst

  • Etablere nye arbeidsplassar

  • Bidra til utnytting av ledige lokale og areal

  • Bidra til vidareutvikling i det eksisterande næringslivet

Effekt

Den første responsen frå lokalt næringsliv var overraskande stor. Mange ville vere med og Futurum fekk til saman inn prosjektidéar med eigeninnsats for fleire millionar kroner. Utviklingsprogrammet starta i 2013 og har vorte vidareført sidan, med støtte frå Nordland Fylkeskommune og Narvik kommune, der Futurum forvaltar programmet.

Utviklingsprogram Narvik er eit tiltak som skaper meirverdi for innbyggarane i kommunen ved at ein får firedobbelt så mykje næringsverdi igjen for kommunens pengar. Kommunens del har vore på 6 millionar over tre år. Ved å investere pengar og arbeidstimar for 6 millionar kroner, får kommunen næringsverdi verdt 24 millionar kroner.

Dette hadde sommaren 2014 gitt 13 nye arbeidsplassar og ei ny pionerbedrift som forventar å tilsetje minst like mange i løpet av kort tid.

Skalering

I Narvik kommune har utviklingsprogrammet gitt synlege effektar og dette har inspirert andre kommunar med liknande behov. Mykje positiv merksemd har bidratt til at Narvik sin modell har spreidd seg til andre kommunar og at denne modellen vert brukt fleire andre stader.

Erfaringar

Erfaringane så langt gir grunnlag for optimisme. Futurum som næringsselskap er veldig tilfreds med å ha moglegheita til å støtte gründerar på eit tidleg stadium.

Tilbakemelding frå nokre av deltakarane i utviklingsprogrammet:

"Utan desse midla ville vi ikkje fått lagt eit sterkt fundament for vidareutvikling av våre konsept."

"Midla mogleggjer lokal forankring av vårt selskap, som viser til at lokale krefter som ønsker nyskaping i regionen stiller opp."

"Utan desse midla ville vårt filmprosjekt med å fremme Narvikregionen som eit reisemål ikkje vore mogleg."

Kontakt

Er du interessert i å vite meir om løysinga og Futurum AS? Ta kontakt på e-post: futurum@futurum.no eller les meir på nettsida http://www.futurum.no

Sharethis

Kommentarar

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut