Sandnes kommune: Utviklande læring

Sandnes kommune vann Innovasjonsprisen 2015 for si satsing på utviklande læring. Difi var i februar på besøk i Sandnes for å lære meir om innovasjonen deira, korleis prosessen har vore og kor vegen går vidare.

Publisert: 15. feb 2016, Sist endra: 04. mar 2019

 

Behov

Om prosjektet

Kommune: Sandnes

Løysingstype: Undervisningsmetodikk

Behovsområde: Oppvekst skule

Start: 2009

Slutt: Pågående

Kontakt: Hege Egaas Røen og Natilia Blank

I Noreg har det dei siste åra vore eit for høgt fråfall i vidaregåande skular. Dette fråfallet bør reduserast. Forsking kan fortelje oss at mange elevar som fell ut av skulen, manglar grunnleggande kompetanse innan fag som matematikk.

Det er spesielt dei svakaste elevane som står i fare for å ikkje fullføre skuleløpet. Dette har både personlege og samfunnsøkonomiske konsekvensar. Mange av dei som fell frå i vidaregåande skule, er også dei som står i faresona for å falle utanfor arbeidslivet seinare i livet.

Sandnes kommune hadde derfor eit behov for å auke elevane si meistringskjensle i matematikk, redusere talet på elevar med svake matematikkresultat og samtidig løfte undervisninga til eit høgt nivå.

Prosess/ verktøy/ metodar

Utgangspunktet til Sandnes kommune si satsing på utviklande læring er ein eldsjel ved namn Gerd Inger Moe. I 2009 hadde Moe ein kjepphest, ho ønskte at alle elevar skulle få oppleve meistringskjensle i matematikkfaget.

Utviklende opplæring startet med initiativ fra ildsjelen Gerd Inger Moe
 
 

Førstetrinnselever har stor læringskapasitet. Myk skolestart og langsom progresjon er feil strategi.

Gerd Inger Moe

Moe tok kontakt med Universitetet i Stavanger og rektor på Smeaheia skole. Saman søkte dei så kommunaldirektøren om støtte til å prøve ut utviklande læring.

I Sandnes kommune valte dei å gå rolig fram og teste ut løysinga i det små. Derfor vart det etablert eit prøveprosjekt med utviklande læring på Smeaheia skule for å sjå kva resultat dette ville gi.

Prøveprosjektet på Smeaheia skule kunne etter kvart vise til særs gode resultat, og Sandnes kommune opna derfor opp for ei vidare satsing på utviklande læring.

Når det vart vedtatt å innføre utviklande læring på andre skular i Sandnes, var det viktig for kommunen at dette ikkje skulle vere ein prosess som var styrt ovanfrå. Det var opp til skulane om dei ønskte å prøve ut undervisningsforma, og det var ein føresetnad at lærarane sjølv ønskte å prøve dette.

Løysing

Sandnes og UiS har trykket opp bøker i utviklende læring på norsk

Dette er noen av skolebøkene Sandnes og UiS har fått trykket opp på norsk

Foto: Difi

Løysinga består av å ta i bruk ein ny metode for innlæring av matematikk, basert på omsett og utarbeida læreverk i russisk matematikk. Metoden inneber rask progresjon, stor variasjon i tematikk og aktiv undervisning.

Utviklande læring

Utviklande læring er basert på Leonid Zankov sitt undervisningssystem. Zankov ønskte å bruke vitskapleg metode for å kome fram til objektive lovmessigheiter i læringsprosessen. Du kan lese meir om Zankov og utviklande læring i Noreg på matematikklandet sine nettsider.

I praksis vil dette seie at elevane går raskt igjennom stoffet og at dei bruker språket til å snakke om matematiske omgrep. Undervisninga er i større grad lærarstyrt enn kva som er vanleg. Elevane bruker mindre tid på å «produsere» svar og meir tid på å tenke høgt i fellesskap.         

Effekt

Utviklande læring har ført til at alle elevar har auka sitt meistringsnivå utan at det har kravd ekstraordinære ressursar. Det er mellom anna berre éin lærar i klasseromet.

Elevane på Smeaheia skule har gjort det særs godt på nasjonale prøvar med opptil 65 prosent av elevane på det høgaste nivået. Det er nesten ingen elevar på det lågaste nivået!

Arbeidet har bidratt til betre omdømme for Sandnesskulen, som igjen fører til rekruttering av kvalifiserte lærarar. Den framtidige undervisninga vert styrkt og Sandnes kan oppretthalde og vidareutvikle kvaliteten på undervisninga.

Skalering og samarbeid med UiS

Sandnes kommune har verkeleg vorte lagt merke til utanfor kommunegrensene. Dei har vorte kontakta og fått besøk frå kommunar, lærarar, Torbjørn Røe Isaksen og Erna Solberg. Undervisningsopplegget er i dag spreidd til 24 skular utanfor Sandnes kommune.

Dette har det vore mogleg å gjennomføre takka vere det gode samarbeidet mellom Sandnesskulen og Universitetet i Stavanger. Læreverket til utviklande læring vert stadig utvikla og ekspandert til nye klassetrinn, samtidig som det er laga vidareutdanningsopplegg for lærarar.

Spreiinga av utviklande læring utanfor kommunegrensene til Sandnes har no begynt å leve sitt eige liv og etterspurnaden er stadig aukande.

Skoler, lærere og elever er forskjellige. Når en skole ønsker å gå i gang med utviklende læring, så må dette løses og tilpasses individuelt på skolen.

Skolefaglig rådgiver Hege Egaas Røen

I dag har nesten alle skular i Sandnes kommune starta opp med utviklande læring.

Utfordringar og vegen vidare

Ønsket om å kome i gang med utviklande læring har til tider vore større enn kva som har vore praktisk mogleg å gjennomføre. Til no har læreverket berre vore på plass for 1-4 trinn, men det er også behov for eit læreverk for 5-7 trinn. Det tar tid å omsette og utvikle læreverket til norsk. Dette har ført til at ein ofte ikkje har kome i gang når ein ønsker det, eller at læreverket ikkje har dekt dei trinna vi har ønskt. Vi har til tider opplevd at satsinga har stagnert, fortel Egaas Røen.

 
 

For å lykkes med innovasjon må man bygge gode relasjoner!

Hege Egaas Røen

Midla som følgde med Innovasjonsprisen 2015 er heilt avgjerande for den vidare satsinga på utviklande læring. Utan dei ville vi ikkje hatt moglegheit til å produsere lærebøker for 5-7 trinn. Dette vil sikre vidareutvikling av utviklande læring i norsk skule, sikre kontinuitet i prosjektet og styrke spreiinga av denne undervisningsforma, seier Egaas Røen.

Samtidig ønsker kommunen å bruke ein mindre del av pengane på innovasjon innan andre fag i Sandnesskulen.

Kontakt

Spørsmål om innføringa av utviklande læring i Sandnes kommune kan rettast til skulefagleg rådgivar Hege Egaas Røen: Hege.Egaas.Roen@sandnes.kommune.no

Har du spørsmål om utviklande læring, kan du kontakte førsteamanuensis Natalia Blank: Natalia.Blank@UiS.no

Sharethis

Kontakt

Kommentarar

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut