Skien kommune: Testportalen

Innloggingssiden til Skien kommunes testportal

Skien kommune har utvikla ein testportal der gründerar og bedrifter kan teste sine produkt og tenester i kommunen for å få innsikt i brukarbehov. Dette dømet bygger på Skien kommune sin søknad til Innovasjonsprisen 2014.

Publisert: 18. mar 2015, Sist endra: 01. nov 2017

Om prosjektet

Kommune: Skien

Løysingstype: Organisering/Teneste

Behovsområde: Veldferdsteknologi/Innovative anskaffingar

Start: 2012

Slutt: 2013

Kontaktperson: Guro Winswold

Behov

Det er eit utbreidd problem at leverandørar/utviklarar av nye løysingar for kommunesektoren ikkje har god nok kjennskap til behova til brukarane. For å løyse velferdsutfordringane i åra som kjem krevst større openheit og tettare samarbeid mellom bestillar og leverandør. Skien kommune ønsker gjennom testportalen å legge til rette for ein tettare og ryddig dialog mellom næringsliv og kommune.

Prosess/verktøy/metodar

I 2012 sette kommunen saman ei arbeidsgruppe for å sjå på korleis samspelet mellom næringsliv og kommunen kunne betrast for å legge til rette for innovasjon innan helse og velferd. Gruppa bestod av innkjøpssjef og representantar frå næringsavdelinga og avdeling for helseinnovasjon. Gjennom samtalar med næringslivet fekk dei innsikt i behova til bedriftene, utfordringar og ønske for samhandling. Basert på denne innsikta vart testportalen utvikla, og arbeidsgruppa tok forslaget med tilbake til rådmannens faggruppe for forankring. Her fekk dei positiv respons og alle etatsleiarane ønskte å vere med i portalen. Dermed vart portalen som i utgangspunktet var tenkt å berre gjelde tenesteområdet helse og velferd, utvida til å gjelde alle tenester i kommunen.

Løsning

For å utvikle gode løysingar er det viktig at utviklar og brukar møtest tidleg i innovasjonsprosessen, slik at ein kan avstemme teori og praksis. Skien kommune ønsker å vere eit kommunalt laboratorium der bedrifter kan teste sine løysingar, både produkt og tenester, opp mot reelle brukarar. For å sikre ein god og ryddig dialog mellom kommunen og næringslivet der alle vert behandla likt, har dei utvikla Testportalen. Portalen inneheld eit digitalt søknadsskjema som bedriftene fyller ut. Vidare vert søknaden behandla av ei tverrfagleg gruppe i kommunen. Gruppa består av innkjøpssjef, representantar frå helse og velferd og næringsavdelinga, samt andre ved behov.

Effekt/resultat

Gjennom Testportalen har det vorte enklare for bedrifter å kome i kontakt med både brukarar og fagmiljø i kommunen. På denne måten har dei fått testa løysingar mot brukarar på eit tidleg tidspunkt og sikra at løysinga dekker reelle brukarbehov. For Skien kommune har testportalen gjort at dei har fått betre innsikt i kva som vert utvikla på marknaden, dei har vore med på å påverke utviklinga, og fått testa kva løysingar som kan vere nyttige for dei. Dette har gitt dei verdifull erfaring med å vere ein krevjande kunde, og kan på sikt føre til forskings- og utviklingsarbeid og/eller innovative anskaffingar.

Skalering/Spreiing

Skien kommune har laga eit system for uttesting av nye løysingar, med testrutinar og søknadsskjema som andre kommunar kan kopiere eller bygge vidare på. I første omgang er det ønske om å spreie testportalen til dei 5 andre kommunane i Grenlandssamarbeidet, men andre kommunar som er interesserte i prosjektet er også velkomne til å ta kontakt!

Kontakt

Vil du å vite meir, kan du kontakte guro.winsvold@skien.kommune.no eller lese meir på

http://www.grenlandssamarbeidet.no/GKI/Anbudsprotokoller

Sharethis

Kommentarar

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut