Viktige element i innovasjonsarbeidet

Det er mange ulike oppfatningar om omgrepet, mange ulike tilnærmingar til faget og mange ulike definisjonar. Men nokre element må vere med for at noko skal kunne kallast innovasjon.

Publisert: 07. jan 2015, Sist endra: 15. mar 2020

Vi har valt å definere innovasjon som det "å fornye eller lage noko nytt som skaper verdi for verksemd, samfunn eller innbyggarar. Forma er eksperimenterande, og løysinga ikkje kjend på førehand".

Vår tilnærming fell saman med andre, enklare definisjonar av innovasjon. I den tidligare regjeringa sin strategi for innovasjon i kommunesektoren, vert innovasjon skildra som "prosessen med å utvikle nye ideer og realisere dem slik at de gir merverdi for samfunnet".  KS definerer innovasjon som noko som er "nytt, nyttig og nyttiggjort". Essensen i definisjonane er at innovasjon ikkje skjer før dei nye løysingane har vorte tatt i bruk og skaper verdi.

Innovasjonsforskarane Jacob Torfing og Eva Sørensen ved Roskilde Universitet i Danmark er opptatte av at innovasjon fordrar eit brot med det eksisterande. Dei beskriv innovasjon slik:

Illustrasjon samfunnsfloker som må løses på nye måter
 
 
  • Kreativitet er å utvikle nye gode idear, men vert først innovasjon når dei gode ideane vert omsett i praksis.
  • Innovasjon er forandring, men ikkje all forandring er innovasjon
  • Berre forandring som bryt med gjengs praksis og vante førestillingar er innovasjon
  • Det er ikkje avgjerande om innovasjonen har utspring i ei oppfinning eller kjem frå kopiering – viss løysinga er ny i ein gitt samanheng, og vert implementert i den konteksten, er det innovasjon

Innovasjon tar tid

I vårt arbeid legg vi lite vekt på forskjellen mellom radikal (rask og total endring) og inkrementell (trinnvis endring over tid) innovasjon. Det sentrale er at det vert utvikla ei ny og forbetra løysing som vert tatt i bruk. For innovasjon tar tid. Det som kjenneteiknar innovasjonsprosessar, uavhengig av korleis dei vert gjort, er at dei er vanskelege, dei er frustrerande og dei har utviklingsløp som skil seg frå ordinært prosjektarbeid ved ikkje å vere lineære eller føreseielege. Innovasjon er iterative prosessar som går i sirklar, eller snarare i spiral der den drivande krafta er innsikt i behovet løysinga skal dekke, utvikling av ei løysing og testing. Om og om igjen. Målet er heile tida i kikkerten, men utvikling av den rette løysinga krev tid, standhaftigheit, dei rette menneska, samarbeid med alle dei som på sitt vis vert påverka av eller er involverte i løysinga, og ein vilje til å ta risiko.

Prøving, feiling og nødvendig risiko – den hemmande nullfeilskulturen

Innovasjon er å tore å prøve, teste, feile, lære, utvikle, teste, gjere om, teste, feile, lære meir og prøve på nytt. Det samsvarer ikkje alltid med kvalitetskulturen vi kjenner frå offentleg sektor. Viljen til å ta risiko er kjend for å vere låg, av openberre grunnar; Vi forvaltar verdiane til fellesskapen og står til ansvar økonomisk, og har krav til kvalitet i tenesteyting. Samtidig er redsla for å gjere feil, det vi kan kalle «nullfeilskulturen» i forvaltninga, til hinder for innovasjon.

For mange i offentleg sektor er meir opptatt av å unngå feil enn å jage etter dei beste løysingane.

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner på Teknakonferansen 2014

Det er ikkje noka motsetting mellom offentleg sektor og innovasjon, men det er ei motsetting mellom innovasjonskultur og nullfeilskultur. I vårt arbeid med innovasjon er vi opptatte av å bygge opp innovasjonskulturen og bygge ned nullfeilskulturen. Konferansen #Feiltrinn er eit ledd i dette arbeidet.

Kontrastar og friksjon – fruktbare samarbeid

Sentralt i innovasjonsarbeid står også samarbeid. Samarbeid, samproduksjon og samskaping er omgrep som gjerne går igjen. Utgangspunktet er at ein vanskeleg kan utvikle ei løysing som gir verdi og vert tatt i bruk viss ikkje dei involverte partane vert tatt med i utviklingsarbeidet. For oss i offentleg sektor handlar det ofte om involvering av innbyggarane, av næringslivet, av leverandørane, av frivillig sektor, forsking og akademia. Det høyrest sjølvsagt ut, men tradisjonelt har utvikling i offentleg sektor vore prega av ein ekspertkultur.

Jacob Torfing og Eva Sørensen har leia prosjektet «Collaborative Innovation in the Public sector» (CLIPS) ved Roskilde universitet i perioden 2009-2013. Prosjektet omhandla drivkrefter og barrierar ved samarbeidsdriven innovasjon i offentleg sektor. I følge Torfing og Sørensen er samarbeid viktig i innovasjon fordi det gir:

  • ei betre problemforståing
  • større idérikdom
  • felles eigarskap til gjennomføring og implementering, og moglegheit for
  • større spreiing

Samarbeid er tidkrevjande, og kan vere frustrerande fordi eigen kunnskap vert utfordra. Samtidig vil innsikt i behova til borgarane, tilgangen til kunnskap, og meiningsbrytingane som oppstår når ulike fagfelt, kompetanse og erfaring møtest, vere fruktbart og vel anvendt ressursbruk.

Sharethis

2 Kommentarar

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut

Kommentarar

Hei
Linken til «Collaborative Innovation in the Public sector» (CLIPS) ved Roskilde universitet virker ikke.

Hei! Takk for tilbakemeldingen. Det skal vi rette opp i. :)