Klart lovspråk

Difi leier prosjektet «Klart lovspråk». Målet med prosjektet er å få dei som skriv reglar, til å arbeide systematisk for at lover og forskrifter som er spesielt viktige, og som gjeld mange, skal bli klarare og meir forståelege.

Det langsiktege målet er at arbeidet med språket skal bli ein naturleg og sentral del av lovutviklinga. Arbeidet inngår i regjeringa si satsing på ein enklare kvardag for folk flest, blant anna gjennom enklare lover og reglar.

Meir om klart lovspråk på www.klarspråk.no

Fire lover skal bli klarare

Ei av dei viktigaste oppgåvene i prosjektet er å gjere språket klarare i fire utvalde lover. Arbeidet med desse lovene skal legge grunnlag for ei ny arbeidsform som kan brukast i anna lovutviklingsarbeid. I samarbeid med departementa som ha ansvaret for dei utvalde lovene, prøver prosjektet ut nye arbeidsformer med skriveverkstader, tekstanalyse, leseforståing og brukartesting.

Felles for dei fire lovene som skal bli klarare, er at dei er viktige for innbyggjarane, og at dei vedkjem mange. Dei utvalde lovene er

  • opplæringslova (ansvarleg departement: Kunnskapsdepartementet)
  • arvelova (ansvarleg departement: Justis- og beredskapsdepartementet) 
  • personellovene i forsvarssektoren (samanslåing av heimevernlova, vernepliktslova, forsvarspersonellova og militærnektarlova (ansvarleg departement: Forsvarsdepartementet)
  • adopsjonslova (ansvarleg departement: Barne- og likestillingdepartementet)

Språkrådet og lovavdelinga i Justis- og beredskapsdepartementet hjelper departementa med å revidere desse lovene.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har gjeve Oxford Research i oppdrag å kartleggje korleis folk forstår dei fire lovene, og korleis dei fungerer i praksis. Når dei fire lovene er ferdig reviderte, og dei reviderte versjonane har gjeldt ei stund, skal dei kartleggjast igjen. Formålet er å finne ut om dei reviderte lovtekstane er enklare å forstå og bruke enn dei gamle.

Last ned

Difi utviklar hjelpemiddel for dei som skriv reglar

Eit nyttig hjelpemiddel for deg som skriv lover og forskrifter, er heftet «Et klarere lovspråk – kom i gang!». Heftet inneheld viktige skriveråd, tips og inspirasjon.

Difi har også laga ei kort sjekkliste for klart lovspråk.

I tillegg har Difi gjeve ut eit hefte med råd og tips om bruk av skriveverkstader. Skriveverkstader er ein arbeidsmetode som set tverrfaglig samarbeid i system. Metoden er spesielt godt eigna når ein skal revidere kompliserte tekstar som for eksempel lover, forskrifter og høyringsbrev. Dette er tekstar som skal ha høg grad av presisjon, samtidig som tekstane skal vere strukturerte og utforma på ein slik måte at dei blir forstått av lesarane.

Last ned

Difi arrangerer konferansar og seminarar

For å auke interessa og merksemda om klart språk blant dei som utviklar reglar, arrangerer Difi seminar og konferansar der klart regelspråk er tema. I 2015 arrangerte Difi Lovspråkskonferansen "Regelspråk i endring" med innleiarar frå Noreg og frå utlandet.

Sjå opptak av Lovspråkskonferansen 2015

Klart språk i jusutdanninga

I august 2016 inngjekk Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Universitetet i Oslo ei historisk avtale om klarspråk. Eit av formåla med avtalen er å innføre klart språk som ein del av undervisninga, forskinga og formidlinga ved Det juridiske fakultet. Departementet støttar Det juridiske fakultet med tre millionar kroner årleg fram til 2026. Fakultetet vil etablere ein fast professorstilling og tre stipendiatstillingar til fagområdet. Etter 2026 skal klart juridisk språk vidareførast som ei fast og integrert del av jusutdanninga ved fakultetet.

Les pressemeldinga frå KMD.

Difi er interessert i å få meir kunnskap om kva betyding lovspråket har, korleis ein konkret lov fungerer i praksis og korleis borgarane stillar seg til lover og lovspråket. Difi delte derfor i 2016 ut stipend til tre jusstudentar som ønskte å skrive masteroppgåve innanfor temaet klart lovspråk.

Dei som fekk stipend var

 

Publisert: 17. mar 2015, Sist endra: 03. des 2017

Sharethis

Om prosjektet "Klart lovspråk"

Prosjektet «Klart lovspråk» vart etablert som eit eige delprosjekt under prosjektet «Klart språk i staten» i 2011. Prosjektet er et samarbeidsprosjekt mellom Justis- og beredskapsdepartementet (JD), Kulturdepartementet (KUD), Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD), Difi og Språkrådet. KMD eig prosjektet, og Difi har prosjektleiinga og ansvaret for å gjennomføre prosjektet.

Prosjektet får fagleg støtte frå ei ressursgruppe med medlemmer frå forvaltninga og frå Universitetet i Oslo.

Artikkelliste

Norges lover og personer ved PC

Kom i gang med klart lovspråk – Difi deler ut lovspråkspakker

Prosjektet «Klart lovspråk» tilbyr hjelp til departementer som skal i gang med et viktig lov- eller forskriftsarbeid. Det dreier seg om to «pakketilbud», og alle departementene har fått invitasjon til å søke på tilbudene. Søknadsfristen er 1. november 2017.

På skulebenken for å lære om klart lovspråk

Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) var førstemann ut med eige lovspråkskurs frå Difi. 16 ulike verksemder skal no på skulebenken og lære om mål- og mottakaranalyse, brukartesting, forholdet mellom presisjon og klarspråk, og språk i regelverk.

Råd og tips om skriveverkstader

Bruk av skriveverkstader breier om seg i klarspråksarbeidet. Fleire verksemder har hatt stor nytte og glede av denne arbeidsmetoden som set tverrfagleg samarbeid i system. No har Difi laga eit hefte med råd og tips om denne metoden.

Klart språk blir en del av jussutdanningen

En viktig milepel i prosjektet «Klart lovspråk» er nådd. KMD og Universitetet i Oslo undertegnet denne uken en historisk avtale, som gjør at klart språk skal inn i den juridiske utdanningen. Difi, som leder lovspråksprosjektet, har i flere år samarbeidet med UiO på mange områder og vi vil også ha en viktig rolle i dette nybrottsarbeidet framover.

Kurs i å skrive klare og gode lover og forskrifter

Difi tilbyr dagskurs i å skrive klare og gode lover og forskrifter. Totalt lyser vi ut 18 slike kurs, og samme statsorgan kan søke om å få tildelt flere kurs. Søknadsfristen er 1. juni 2016.

Søk om støtte til skriveverksteder for juridiske tekster (lover og forskrifter)

Statsorganer kan nå søke prosjektet «Klart lovspråk» om støtte til skriveverksteder for juridiske tekster, fortrinnsvis lover og forskrifter. Støtten er på kr 60 000 per virksomhet og skal dekke innleie av språkrådgiver. Prosjektet har midler til å dekke verksteder for seks statsorganer. Søknadsfristen er 1. juni 2016.

Stipend for jusstudenter som skal skrive masteroppgave om klarspråk

Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) tilbyr stipender for jusstudenter som skal skrive masteroppgave høsten 2016 (30 studiepoeng). Stipendene er hver på kr. 40 000, og skal deles ut til tre studenter som ønsker å skrive oppgave innenfor temaet klart lovspråk.

Klart språk gir resultat

Klart språk er med på å fornye, forenkle og forbetre offentleg sektor. Men kva er dei meir konkrete resultata for innbyggjarar, stat og kommune?

Lovspråkprosjektet har nådd en viktig milepæl

Det er håp for lovspråket. I prosjektet «Klart lovspråk» er vi nå i gang med å temme det juridiske språket i fire utvalgte lover. Vi prøver ut en ny og grundigere lovutviklingsprosess som innebærer blant annet bruk av juridiske verksteder, tekstanalyse, leseforståelse og brukertesting.

Kom i gang med et klarere lovspråk!

Difi har laget heftet «Et klarere lovspråk – kom i gang» med tips og inspirasjon til deg som skriver lover. Et klarere språk i lovene kan bidra til at lovene blir forstått og til at både forvaltningen og innbyggerne sparer tid og penger.

Kontakt

Hjelp oss å bli bedre

Vi leser alt, men du blir anonymisert og vi kan derfor ikke svare deg. Hvis du har et spørsmål du ønsker svar på, vennligst se www.difi.no/om-difi/kontakt-oss

Fant du det du lette etter?
* Påkrevd

Hjelp oss å bli bedre
*