Klart språk
Klart språk gir resultater: Ei meir effektiv forvaltning, betre og meir brukarvenlege tenester. Klarspråk fremmar demokratiet, rettstryggleiken og skaper tillit. Difi og Språkrådet samarbeider om tiltak for å stimulere til godt og brukarvennleg språk i statlege verksemder.
Den gylne pennen – eit nettkurs i klarspråk
Kven skriv vi eigentleg for i stat og kommune? Og korleis kan vi skrive slik at mottakaren forstår? Med nettkurset «Den gylne pennen» får du ei innføring i dei viktigaste klarspråksteknikkane.
Sjå ein smakebit frå nettkurset
Gjennom oppgåver og eksempel trenar du på korleis du kan skrive slik at mottakaren forstår. Kurset er for alle tilsette i det offentlege som skriv i jobben.
Verktøy, råd og tips
Nettstaden klarspråk.no inneheld praktiske verktøy, råd og tips om korleis språket kan gjerast meir klart og brukarvennleg. I tillegg finst blant anna informasjon om gjennomføring av språkprosjekt, verktøy for evaluering og måling av klarspråksarbeid, erfaringar frå andre språkprosjekt, døme på forbetra tekstar, quiz og språkhumor. Her er òg samla relevante undersøkingar og annan dokumentasjon og informasjon om arrangement og kurs.
Vi har utvikla fleire publikasjonar:
- Heftet "Klart språk gir resultat"
- Boka "Klar, men aldri ferdig"
- "Metodeheftet for effektmåling av klarspråksarbeid"
- Heftet "Et klarere lovspråk"
Fagleg rådgjeving
Difi tilbyr rådgjeving i prosjektarbeid og måling av verknadene av klarspråksarbeid. Difi kan også halde inspirasjonsforedrag og innlegg om prosjektet og klarspråksarbeid i samband med til dømes oppstartsseminar og leiarsamlingar i statlege verksemder. Vi kan også vere samtalepartnar og gje råd ved planlegging av eit klarspråksprosjekt og undervegs i arbeidet.
Klarspråksprisen
Statens klarspråkspris er ein årleg pris som blir gjeven til ei statleg verksemd som har gjort ein ekstraordinær innsats for å bruke eit klart, godt og brukarvennleg språk i tekstane sine til publikum. Du kan lese meir om Klarspråksprisen på klarspråk.no, og sjå oversikt over tidlegare vinnarar.
Støtteordningar
Kvart år kan statlege verksemder søkje om økonomisk støtte til klarspråksarbeid. I 2016 hadde vi to støtteordningar, ei for tekstrevisjon og ei anna for måling av verknadene av klarspråksarbeid.
Arrangement
Vi arrangerer også frukostseminar, konferansar og andre møteplassar for statstilsette som arbeider med klarspråk. Sjå opptak og presentasjoner frå tidlegare arrangement på klarspråk.no.
Klart lovspråk
«Klart lovspråk» er eit eige prosjekt om språket i juridiske tekstar.