Universell utforming av IKT

IKT-løysingar i Noreg skal være universelt utforma. Dette gjeld nettstader og automatar. Både private og offentlege verksemder, lag og organisasjonar må følge regelverket.

uu.difi.no finn du meir informasjon om krava og kva dei betyr for verksemda di. På nettsidene finst også rettleiingsmateriell for dykk som jobbar med å bestille, lage og vedlikehalde nettsider og automatar.

Har du spørsmål om universell utforming av IKT, send ein e-post til uu@difi.no

Tidsfristar

Nye IKT-løysingar skal vere universelt utforma frå 1. juli 2014. Alle IKT-løysingar, inkludert eksisterande løysingar, skal følge krava om universell utforming innan 1. januar 2021.

Tilsynsmyndigheit

Difi fører tilsyn med at krava blir følgde. Informasjon og rettleiing vil vere blant dei viktigaste oppgåvene til tilsynet. Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) er klageinstans for vedtak som er fatta av tilsynet.

Resultata frå tilsyn finn du i tilsynsrapportane på uu.difi.no/tilsyn

Aktuelt

Mange norske nettstader bryt lova

Tilsyn for universell utforming av ikt i Difi har i 2018 målt status for universell utforming på 278 norske nettstader. Resultata er for dårlege både i offentleg og privat sektor.

Vedtak om bot til Askøy kommune er opphevet

Askøy kommune klaget på bruk av reaksjoner i oppfølgingen av feil etter tilsyn, og fikk medhold. Difis vedtak ble opphevet på grunn av saksbehandlingsfeil. Tilsynet er nå avsluttet.

SAS Norge AS ilagt tvangsmulkt

Tilsynet i Difi gir SAS Norge AS tvangsmulkt for ikkje å ha utbetra nettsidene sine etter ein kontroll i fjor haust. Feila er knytt til billettbestilling. Framdrifta i arbeidet med retting har vore for dårleg.

Illustrasjonsbilde av tilsynets måleindikatorer

Tilsynet sine måleindikatorar er tilgjengelege på nett

Tilsyn for universell utforming brukar indikatorar i tilsyn og statusmålingar av nettløysingar. Desse indikatorane er no publiserte på nett. Verksemder som vil evaluere eigne løysingar eller skaffe seg nye, kan bruke indikatorane i sitt arbeid.

Illustrasjonsfoto: Surfer på nettside

Politiske parti stenger folk ute på nett

I 2013 vedtok Stortinget at nettsider skal vere tilgjengelege for alle. No viser ei måling tilsynet i Difi har gjennomført i mai at ingen av dei politiske partia oppfyller krava.

Selvbetjeningsautomater er ikke tilgjengelige for alle

Halvparten av alle selvbetjeningsautomater bryter kravene til universell utforming, og spesielt tilkomsten til automatene er dårlig, viser en måling fra Difis tilsyn for universell utforming. I tillegg har en tredjedel av automatene dårlig tilgjengelig betjeningsområde.

Norske nettstader for dårlege på universell utforming

For første gang i Norge har Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) målt status for universell utforming på norske nettsider. Resultata viser at både i privat og offentleg sektor er norske verksemder for dårlege på universell utforming. Privat sektor scorar lågare i vår måling enn offentleg, og det er spesielt bransjane bank, media og reise og transport som er lite tilgjengelege for befolkninga.