Medfinansieringsordning for digitaliseringsprosjekt

Det er i statsbudsjettet for 2019 sett av 127,2 mill. kr til medfinansiering av nye, lønsame IKT-prosjekt.

 

Søknadsfristen for tildeling i 2019 har gått ut. Det blir nye moglegheiter neste år.

Medfinansieringsordninga rettar seg mot små og mellomstore digitaliseringsprosjekt. Statlege verksemder kan søke om støtte til opp til 50 % av prosjektkostnadane. Digitaliseringsprosjekta må vere samfunnsøkonomisk lønnsame og gi reell gevinstrealisering.

Kva verksemder kan få midlar frå medfinansieringsordninga?

  • Statlege verksemder som ligg under staten som rettssubjekt. Dette omfattar ordinære forvaltningsorgan, forvaltningsbedrifter og forvaltningsorgan med særskilte (budsjett)fullmakter.
  • Kommunane og statlege verksemder som er eigne rettssubjekt er utanfor målgruppa og kan ikkje få tilskot gjennom ordninga. Dei kan likevel gjerne vere samarbeidspartar.

Kva prosjekt er omfatta av ordninga?

  • Digitaliseringsprosjekt med prosjektkostnad frå 5 mill. til 50 mill. (inkl. interne lønnskostnader).
  • Prosjekta kan gå over maksimalt tre år.
  • Prosjekta skal vere sjølvstendige prosjekt/delprosjekt med eiga samfunnsøkonomisk lønsemd og tilknytta gevinstar.

Kor mykje midlar kan eit prosjekt få?

  • Ordninga dekker opp til 50 % av totale prosjektkostnader (inkl. interne lønskostnader).
  • Kvart prosjekt kan maksimalt få 15 mill. kroner i tilskot.

Krav til gevinstrealisering

Det er eit krav at 50 % av netto gevinst internt (i søkjarverksemda) skal realiserast ved reduksjon av framtidige budsjettrammer.  Netto gevinst betyr gevinst fråtrekt varige driftskostnader med ny løysing.

Verksemda får altså behalde inntil 50 % av netto gevinst internt. Gevinstar som kjem andre stader, i andre verksemder, er ikkje omfatta av kravet. Ein kan søkje om midlar sjølv om ein har små eller ingen interne gevinstar.

Aktuelt

Medfinansiering hjelper 13 nye digitaliseringsprosjekter

Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi) har nå fordelt over 124 millioner kroner til medfinansiering av 13 prosjekter. Samfunnet kan få en gevinst på hele 6,5 milliarder kroner gjennom disse prosjektene, regnet over 10 år.

Kontakt