Ber verksemdene om digital post-plan

Difi har no sendt brev til alle offentlege verksemder som ikkje har innført digital postkasse og bedt om at dei sender ein plan for innføringa til Difi.

Publisert: 19. mai 2015, Sist endra: 29. okt 2018

Digitaliseringsrundskrivet 2014 pålegg alle statlege forvaltningsorgan som sender post på papir til innbyggarane om å lage ein plan for overgang til Difis løysing for digital postkasse til innbyggarar innan 1. juli 2015.

Innan første kvartal 2016 skal løysinga vere tatt i bruk. Planen skal innehalde kostnader, gevinstar og omtale av arbeidet med gevinstrealisering, og skal lagast i samråd med Difi. Difi har no bedt offentlege verksemder om at planen vert sendt til idporten@difi.no

Difi bistår verksemdene med forskjellige verktøy som skal gjere planlegginga så enkel som mogleg. Døme er gevinstkalkulator, mal for risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse), døme på framdriftsplan for planlegging og implementering og klientbibliotek.

Verktøya er tilgjengelege via  www.difi.no/digitalpostkasse

Sharethis

Kontakt