Rettleiing for verksemder som ønsker å kjøpe inn skytenester

Norske offentlege og private verksemder har i mange år brukt tenesteutsetting for å kunne legge meir vekt på kjerneverksemda si og overlate for eksempel drift av IKT til andre. Dei siste åra har skytenester etablert seg som eit viktig alternativ for tenesteutsetting. Vi ser at stadig fleire tenester, både infrastrukturtenester og programvare, blir leverte som skytenester. Dette gjeld òg tenester retta mot offentleg sektor. Difi har fått i oppdrag å etablere eit kompetansemiljø og ein nettbasert ressurs der verksemder som ønsker å kjøpe inn skytenester kan få rettleiing.

Publisert: 15. mar 2017, Sist endra: 04. mar 2019
 
 

Difi har no starta arbeidet med å få på plass rettleiing for anskaffing av skytenester. Første versjon kan du finne her.

I utgangspunktet vil tilbodet frå Difi vere retta mot offentlege verksemder – inkludert kommunane – og indirekte leverandørar til offentleg sektor. I tillegg til det anskaffingsfaglege er informasjonstryggleik peika ut som eit område som skal vere særskilt omtalt i rettleiinga.

På sikt er målsettinga at rettleiinga skal vere tilpassa ulike typar målgrupper som har liknande krav og behov, og spesielle sektorbehov.

Ein slik ressurs skal dekke alle ledda i innkjøpsprosessen, og ikkje berre dei juridiske problemstillingane som er knytt til sjølve innkjøpet.

Difi si rettleiing har tidligare vore tema på møte i Nettverk for informasjonssikkerhet (NIFS). Oppsummering frå dette møtet kan du finne her.

 

Sharethis