Innbyggarundersøkinga på veg til 40 000 nordmenn

Spørreundersøkinga kartlegg korleis det er å bu i Noreg. Difi og Kantar sender i desse dagar ut ei spørreundersøking til 40 000 nordmenn.

Publisert: 08. mai 2019, Sist endra: 10. mai 2019

Difi gjennomfører innbyggarundersøkinga for femte gong. Undersøkinga er ei av dei største av forvaltninga i Noreg, og det er Kantar som på oppdrag frå Difi har ansvaret for å sende den ut og ta imot svara. 

Undersøkinga skal gi regjeringa og forvaltninga eit betre kunnskapsgrunnlag for å vurdere utviklinga av offentlege tenester på tvers av sektorar. Den skal også gi kunnskap som kan bidra til å vidareutvikle offentlege verksemder på sikt. Etter innsamling og analyse, presenterer Difi resultata i august 2019. 

 

Difi sender ut omkring 10 000 brev på papir og 30 000 brev digitalt. Tidlegare undersøkingar viser at svarprosenten blant dei som får undersøkinga tilsendt på papir, er høgare enn svarprosenten hos dei som får den tilsendt på e-post. 

Innbyggarundersøkinga blir gjennomført på engelsk, polsk og samisk i tillegg til nynorsk og bokmål. Ein del innbyggarar som er registrerte i Difis Kontakt- og reservasjonsregister (KRR), får også brev på papir. Forklaringa er at Difi vil motverke ein eventuell skeiv fordeling i resultata på grunn av høg svarprosent blant ikkje digitalt aktive innbyggarar. 

Dette bidrar til fleire svar, og det reduserer moglegheita for at innbyggarar som ikkje er registrert i KRR vert overrepresentert blant dei som svarer på undersøkinga. Alle som vert inviterte til å delta i undersøkinga kan svare på undersøkinga på nettet. 

Kontakt