Maskinporten – for enklare deling av data

Difi lanserer no Maskinporten som gjer det enklare å dele og bruke data på tvers i offentleg forvalting. Dette vil utløyse meir digitalisering og utvikling av nye samanhengande tenester frå det offentlege og næringslivet.

Publisert: 03. sep 2019, Sist endret: 11. sep 2019

For å dele data må ein vere trygg på kven ein samhandlar med. Maskinporten byggjer på mekanismane i ID-porten, ei prisbelønt nasjonal fellesløysing som gir innbyggjarane trygg tilgang til offentlege tenester, til nettbank, forsikring og nærmare 2000 andre tenester.

Dette er maskinporten

Medan ID-porten går god for identiteten til personar som loggar seg på, sørger Maskinporten for sikker autentisering og tilgangskontroll mellom verksemder. Det betyr at Maskinporten stadfester identiteten til verksemder, og samtidig gir rett tilgang til data som offentlege verksemder tilbyr.

Denne tillitsmekanismen må vere på plass for å få fart på datadelinga og utvikling av nye tenester.

Avhengig av tillit

Norge har i dag ein veldreven offentleg sektor, men auka satsing på digitalisering og modernisering er viktig av fleire grunnar. Det handlar ikkje berre om effektivisering av forvaltinga, men også om utvikling av nye, samanhengande tenester som gjer kvardagen enklare for folk flest og opnar for meir verdiskaping i næringslivet.

For å få dette til, må vi dele og gjenbruke data på tvers av offentlege sektorar og med private verksemder. Alle er einige om at det ligg eit fantastisk potensial i meir deling og bruk av dei store mengdene data, men korleis skal ein få dette til og samtidig ivareta sikkerheit og tillit mellom aktørane?

Auka kompleksitet

Verksemdene løyser dette i dag gjennom å forsikre seg om kven som er «i andre enden». Gjennom digitale sertifikat sikrar ein kontroll på kven som tilbyr data og godkjenner den enkelte som brukar dei. Kva så når du har store mengder data du vil dele med fleire tusen aktørar? Eller sensitive data du berre vil dele med nokre få? Da blir bildet meir komplekst, krevjande og uoversiktleg, samtidig som ein må vedlikehalde ein drøss av sertifikat mot mange enkeltaktørar.

Denne kompleksiteten bremsar nettopp utviklinga av nye tenester som er basert på utstrakt datadeling. Nøkkelen er Maskinporten, ei ny nasjonal fellesløysing som Difi har utvikla og som er klar til bruk i dag.

Eit eksempel

NAV er ei av verksemdene som i dag brukar Maskinporten. Ein brukar som får innvilga arbeidsavklaringspengar kan samtidig ha rett på forsikringsutbetaling. Forsikringsselskapet må først vite om søknaden er innvilga av NAV, kva periode det gjeld og annan spesifikk informasjon. Sensitiv informasjon om arbeidsevne og helse skal forsikringsselskapet ikkje ha. NAV utvekslar difor berre data som forsikringsselskapene treng for å vurdere rett til erstatning. NAV brukar Maskinporten for å sikre at selskapa får tilgang til den informasjonen dei skal ha, og berre den.

Trygg deling av data

Maskinporten tek seg av handteringa av sertifikat og kan slik gå god for identiteten til den enkelte verksemda, enten ein er tilbydar av data aller brukar av data. For å kunne gjere dette nyttar Maskinporten leverandører av verksemdssertifikat, som Buypass og Commfides og som blir verifisert gjennom informasjon frå Enhetsregistret og Folkeregisteret.

Maskinporten leverer på denne måten ein sikringsmekanisme for trygg deling av data, og sikrar at verksemda berre deler data med dei ein ønsker å dele data med.

Stort potensial

Maskinporten opnar for å binde saman system og utvikle nye tenester på ein meir effektiv måte enn før. Det vil gi gevinstar for dei som tilbyr data, dei som brukar data og sluttbrukaren av tenestene. 

Snakk med oss om korleis du kan dra nytte av Maskinporten for å skape betre samanhengande tenester for folk og samfunn.

Deldette

Kontakt