Om Difi

Vi må omstille oss – også i offentleg sektor – viss det framleis skal vere mogleg å sikre eit høgt velferdsnivå i åra som kjem. Det er det samfunnsoppdraget og strategien til Difi fram til 2020 handlar om: Vi skal få omstilling til å skje.

Difi får omstilling til å skje

Samfunnsoppdraget til Difi er å modernisere og omstille offentleg sektor. Det er eit av dei mest meiningsfulle samfunnsoppdraga eg kan tenkje meg. Dette er ikkje berre samfunnsoppdraget til Difi. Alle som jobbar i stat og kommune har eit stort ansvar for å sikre at offentleg sektor klarer å tilby meir effektive, brukarorienterte og samordna løysingar og tenester. Vi skal skape ein enklare kvardag for innbyggjarane og næringslivet.

Les heile innleiinga til direktør Steffen Sutorius

Noreg har ein god offentleg sektor med stolte og særs engasjerte medarbeidarar. Dei fleste har stor arbeidsglede og opplever at dei har samfunnsnyttige, utfordrande og utviklande arbeidsoppgåver. Medarbeidarane er gullet i offentleg sektor. Det har vi all grunn til å vere stolte av, og det må vi ta vare på og utvikle.

Vi kan ikkje velje vekk omstilling

På sikt må offentleg sektor levere meir brukarorienterte og samordna tenester, til ein lågare kostnad og med færre ressursar enn i dag. Kvifor? Fordi Noreg som velferdsstat står framfor betydelege utfordringar, med lågare oljeinntekter og ei komande eldrebølge. Vi er heller ikkje produktive nok, slik også produktivitetskommisjonen har vist. Viss vi skuvar dei nødvendige omstillingsprosessane framfor oss, skaper vi berre behov for enno kraftigare omstillingar seinare. Og omstilling må føre til konkrete gevinstar.
Dei komande åra vil utfordre Difi og heile offentleg sektor si evne til nytenking og omstilling. Innbyggjarane forventar meir samordna og enklare tenester frå det offentlege. Samtidig gir ikkje alltid endringsprosessane dei resultata vi planlegg, og vi veit at leiarane i stat og kommune ikkje vert godt nok følgde opp når resultata ikkje kjem. Undersøkinga IT i praksis 2016 viser at 82 prosent av offentlege verksemder opplever manglande kultur og prosessar for å realisere gevinstar som ei av dei største hindringane for å nå sine mål. Det må vi ta på alvor.

Vi må tenke heile offentleg sektor og bruke heile verktøykassa

For å lukkast med omstilling, må vi bruke heile verktøykassa. Difi må i enno større grad tilby kunnskap om tilstand, utvikling og endringsbehov. Digitalisering er ein nøkkel til omstilling, men digitalisering handlar ikkje først og fremst om IKT. Det handlar om å finne smartare og felles løysingar for heile offentleg sektor, ikkje berre eiga verksemd – med brukaren i sentrum. Omstilling vil handle om å sjå stat og kommune meir i samanheng, om riktige og innovative anskaffingar og om å utvikle leiarar med gjennomføringskraft.

Mange ønsker eit sterkare Difi som tek ansvar der vi må finne felles løysingar og løyse opp i felles hindringar. Det er opp til Difi å ta og gjere seg fortent til rolla. Denne strategien anerkjenner at Difi har ein veg å gå – men at vi tek utfordringa. Det inneber at leiarane og medarbeidarane i Difi må bruke og utvikle sin kompetanse – og jobbe – på nye måtar. Vi må samhandle meir med og gjennom andre, og vi må kunne gå inn i fleire rollar for å løyse ulike utfordringar. Vi skal utvikle eitt Difi som bruker alle våre fagområde og verktøy for å legge til rette for omstilling.

Den nye strategien er starten på ei spanande og utfordrande reise for Difi. Vi skal gjere alt vi kan for å få omstilling til å skje.

1. Vårt samfunnsoppdrag

Difis samfunnsoppdrag er å vere det sentrale fagorganet for modernisering og omstilling av offentleg sektor.

Vi er fagorgan for Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet på fagområda leiing, organisering, offentlege anskaffingar og digitalisering i offentleg sektor. Difi skal bruke heile verktøykassa – vår fagkompetanse, våre verkemiddel og våre verktøy – for å få omstilling til å skje.

Difi forvaltar også dei nasjonale felleskomponentane Digital postkasse, ID-porten og Kontakt- og reservasjonsregisteret. Difi forvaltar også fleire andre fellesløysingar som Doffin.no, Offentleg elektronisk postjournal (OEP), Norge.no og data.norge.no. Robust drift og hensiktsmessig vidareutvikling av felles IKT-løysingar er ein generell føresetnad og eit verdifullt verktøy for å utøve samfunnsoppdraget vårt.

Difi skal vere ein pådrivar og premissgivar som får omstilling til å skje i tråd med fastsette mål, og vi skal bidra til å utvikle ny politikk på våre fagområde.

Difis samfunnsoppdrag krev omfattande samarbeid

For å gjennomføre samfunnsoppdraget vårt og nå måla våre, må vi i stor grad jobbe saman med eller gjennom andre. Derfor må vi ha eit avklart og tett fagleg samarbeid med offentlege og private verksemder som har ansvarsområde som grensar til våre. Det er verksemdene sjølv som skal skape omstilling, men Difi skal legge til rette og støtte dei på ulike måtar – mellom anna ved å fjerne felles hindringar.

Difi skal jobbe både med stat og kommune

Hittil har Difi hatt statlege verksemder som primærmålgruppe. Frå no vert kommunane ei like viktig primærmålgruppe for oss. Det er naturleg og nødvendig for å kunne utvikle meir effektive, brukarorienterte og samordna tenester og løysingar for heile offentleg sektor.
Innbyggjarane og næringslivet er to viktige sekundærmålgrupper. Difi sin innsats skal føre til at innbyggjarane opplever offentleg sektor som meir brukarorientert i framtida. Ved å legge til rette for meir bruk og gjenbruk av offentlege data, komponentar og løysingar, kan næringslivet hauste store gevinstar. Samarbeid med private leverandørar er også ein føresetnad for å kunne ta ut potensialet i offentlege anskaffingar.

2. Vår visjon: Difi får omstilling til å skje

Visjonen vår inneber at Difi har lukkast når offentleg sektor gjer det som er nødvendig for å få omstilling til å skje.

3. Våre verdiar

 Våre verdiar er:

  • Raus
  • Modig

4. Strategiske satsingsområde

Difi har tre satsingsområde og indikatorar på om vi får omstilling til å skje:

  • Effektivisering – ein smartare og meir kostnadseffektiv offentleg sektor
  • Brukarorientering – ein offentleg sektor betre tilpassa brukarane
  • Samordning – ein meir heilskapleg offentleg sektor

5. Hovudmål   

For perioden 2017–2020 har Difi fire strategiske hovudmål som viser korleis vi skal jobbe og prioritere for å få omstilling til å skje. Det fjerde hovudmålet er eit internt utviklingsmål som viser korleis vi skal skape eitt Difi og ruste oss for å løyse samfunnsoppdraget.

Vi har tre eksterne hovudmål for å få omstilling til å skje:

Hovudmål 1

Hovudmål 2

Hovudmål 3

Vi er den sentrale kjelda til kunnskap om tilstand, utvikling og endringsbehov

Samfunnsrolla vår krev at vi har kunnskap og analysar om tilstand, utvikling og endringsbehov på våre fagområde. Vi må ha oversikt over, sette saman og dele kunnskapen vi og andre har.

Vi set dagsordenen gjennom å gi tydelege råd. Kunnskapen skal vere enkel å forstå og bruke, for forvaltninga og andre, når dei treng den.

Vår ambisjon er at

  • vi gjennomfører relevante analysar og gir tydelege råd
  • vårt kunnskapsgrunnlag er tilgjengeleg og lett å forstå
  • vi sikrar effektiv deling og gjenbruk av kunnskap i offentleg sektor

Vi styrker offentleg sektor eine til å gjennomføre endring og realisere gevinstar

Vi skal prioritere innsats og tiltak som fører til at offentlege verksemder skaper betre resultat og tek ut større gevinstar.

Vi skal ha ei koordinert leiarsatsing der vi bruker heile verktøykassa vår for å sette leiarar i stand til å skape omstilling og endring.

Vi må vise og formidle god praksis, og vi skal få offentlege verksemder til å ta i bruk nye felles tenester og løysingar.

Vår ambisjon er at

  • vi aukar leiarane si gjennomføringsevne
  • vi utviklar felles tenester og digitale løysingar som gir ein meir effektiv offentleg sektor
  • vi får verksemdene til å ta ut potensialet i offentlege anskaffingar

Vi løyser felles utfordringar som krev samordna innsats.

Vi skal ta tak i utfordringar knytt til deling og gjenbruk av informasjon, regelverk, koordinering og finansiering. Vi har også ansvar for å finne konkrete løysingar på felles utfordringar i offentleg sektor.

Ambisjonane i Digital agenda skal stå sentralt i utviklinga av offentleg sektor.

Difi sitt ansvar er å samordne innsatsen med å løyse utfordringar på prioriterte område som treff fleire verksemder.

Vår ambisjon er at

  • vi identifiserer hindringar og løyser dei saman med andre
  • vi sikrar felles retning og auka trykk på digitalisering
  • vi etablerer god praksis for utvikling og bruk av nasjonale løysingar

For å kunne innfri visjonen, er det avgjerande at vi også omstiller oss. Det fjerde hovudmålet er derfor eit internt mål som skildrar korleis vi skal utvikle Difi for å kunne realisere dei tre eksterne hovudmåla:

Hovudmål 4

Vi utviklar Difi til ein premissgivar som skaper endring

Vi må vidareutvikle og sette vår eigen organisasjon i stand til å kunne ta vår framtidige rolle. Det vil stille store krav til heile organisasjonen og alle medarbeidarar – og spesielt til leiing og vår evne til å prioritere tydeleg og heilskapleg. Vi må skape eitt Difi med ein felles kultur, ei innovativ arbeidsform og ein attraktiv arbeidsplass med gode utviklingsmoglegheiter for den einskilde medarbeidar.

Vår ambisjon er at

  • vi utøver samlande og tydeleg leiing
  • vi er ein utviklingsorientert og nyskapande organisasjon
  • vi er ein attraktiv arbeidsplass som utviklar og utnyttar kompetansen på tvers

 

 

Publisert: 10. nov 2014, Sist endra: 07. des 2017

Sharethis

Ledige stillinger

Hold deg oppdatert

Artikkelliste

Abonner på nyheitsbrevet til Difi

Ved å abonnere på Nyheitsbrevet til Difi får du jamleg nyheiter om alle våre fagområde og tenester, rettleiarar og rapportar, oversikt over kurs og arrangement, og presentasjon av e-læringstilbodet.

Hjelp oss å bli bedre

Vi leser alt, men du blir anonymisert og vi kan derfor ikke svare deg. Hvis du har et spørsmål du ønsker svar på, vennligst se www.difi.no/om-difi/kontakt-oss

Fant du det du lette etter?
* Påkrevd

Hjelp oss å bli bedre
*