Kvalitet på nett frå 2007 til 2011. Ei eigenevaluering av Difi sitt arbeid med Kvalitet på nett

Eigenevalueringa av KPN, som er gjort ved hjelp av datamaterialet som er innsamla gjennom Difi sine årlege vurderingar av offentlege nettstader og ei spørjeundersøking blant nettredaktørar i offentleg sektor, viser at Kvalitet på nett er eit kraftfullt verkemiddel med direkte effekt på kvaliteten på offentlege nettstader.

Last ned

Evalueringa viser at:

- Nettstader i offentleg sektor har i gjennomsnitt vesentleg høgare kvalitet i 2011 enn i 2007. Dette gjeld for alle tre områda i KPN, men er mest markant på området nyttig innhald.
- Skilnader i nettkvalitet mellom statleg og kommunal sektor er viska ut, kommunale nettstader har innhenta forspranget dei statlege hadde i 2007
- Tre av fire nettredaktørar var einige i at «Difi sine kvalitetsvurderingar og offentleggjering av kvalitetsskår/tal stjerner for kommunar og statlege etatar, har stor innverknad på kvaliteten på offentlege nettstader».

Evalueringa peikar på at det er behov for vesentlege endringar i Kvalitet på nett for at tiltaket skal ha relevans og nytteverdi også framover.

Pressemelding om rapporten: Kvalitet på nett – suksess med behov for fornying

Publisert: 
12. mar 2013

Kontakt