Tre prosjekt for styrkt koordinering av forskingspolitikken

Difi har følgt tre prosjekt med tverrsektorielle utfordringar, og har dokumentert prosjektprosessane, vurdert korleis KD har utøvd koordinatorrollen i leiinga av prosjekta og korleis resultata vil kunne bidra til å styrke koordineringa.

Publisert: 17. feb 2015, Sist endra: 08. des 2017

Følgjande tre prosjekt vart vurderte

  • Utvikling av Langtidsplan for forsking og høgare utdanning
  • Strategi for forskings- og innovasjonssamarbeid med EU
  • Nytt mål- og resultatstyringssystem for departementa si styring av Forskingsrådet.

Difi har funne at Kunnskapsdepartementet har brukt fleire føremålstenlege grep i desse tre prosessane. Dei har involvert partane, veksla mellom hierarki og frivillig tilpassing som koordineringsmekanismar, og skapt resultat gjennom fruktbart samspel mellom politikarar og embetsverk.

Difis viktigaste råd er at dei positive erfaringane som er gjort i prosjektprosessane, må utnyttast i arbeidet med oppfølginga av Langtidsplanen og EU-strategien, og i anna koordinering av forskingspolitikken.

Koordinering av forskingspolitikken byr på spesielle utfordringar, men har mykje til felles med samordningsproblematikk på andre politikkområde. Andre med tverrsektorielle utfordringar kan nytte tilnærmingsmåten i denne rapporten for vurdering og utvikling av betre samordning på sine område.

Om prosjektet

Difi har på oppdrag for Kunnskapsdepartementet gjennomført denne følgeevalueringa. I rapporten vert gjennomføringa av dei tre prosjekta dokumentert, og resultata vert vurdert med grunnlag i eit rammeverk for samordning i offentleg forvalting. Dette rammeverket er utvikla av Difi i samband med arbeidet med rapport 2014:07 «Mot alle odds? Veier til samordning i norsk forvaltning»  som har vore gjennomført parallelt med denne følgeevalueringa.

Kontakt