Digitale barrierar på norske nettstader

Difi har gjennomført ei større statusmåling om universell utforming på norske nettsider. Målinga skal bidra til å finne risikoområde som gjer det vanskeleg eller umogleg for mange å bruke nettbaserte løysingar. Bank, media og reise og transport peikar seg ut med dårleg score i denne målinga.

Publisert: 22. jun 2015, Sist endra: 31. aug 2018

Rapporten Digitale barrierar på norske nettstader viser resultata frå statusmålinga Difi gjennomførte hausten 2014. Dette var ei utvalsundersøking der tilsyn for universell utforming av IKT i Difi undersøkte nettsidene til 304 norske verksemder i offentleg og privat sektor.

Det viser seg at det er større utfordringar i privat enn i offentleg sektor, og det er spesielt bransjane bank, media og reise og transport som er lite tilgjengelege for befolkninga.

Hovudfunn

Resultata samla sett viser at norske verksemder er for dårlege på universell utforming, både i privat og offentleg sektor. I gjennomsnitt oppnår verksemdene berre 51 prosent av totalt oppnåelege poeng i undersøkinga. Offentleg sektor har dei mest tilgjengelege løysingane og oppnår eit gjennomsnittsresultat på 54 prosent, medan privat ligg på 49 prosent. Men det er stor variasjon i resultata frå verksemd til verksemd.

  • Privat sektor har større utfordringar enn offentleg.
  • Banktenester er minst tilgjengelege av alle bransjar.
  • Mediebransjen, og spesielt store mediehus scorar lågt.
  • Transportbransjen, og spesielt reiseselskap, er også lite tilgjengelege.

I offentleg sektor er departementa best. Nokre av dei større publikumsretta verksemdene peikar seg og positivt ut, men det er store variasjonar.

I privat sektor ser vi flest utfordringar i banksektoren. Det er verdt å merke seg at det ikkje er dei største bankane som scorar best – den beste banken er ein mindre bank i distriktet.

Det same mønsteret ser vi elles også i media som samla sett ikkje scorar høgt i målinga. De største nasjonale mediehusa scorar dårlegast, mens ei mindre lokalavis gjer det best blant alle medieselskapa vi har undersøkt.

I transportsektoren  peikar  fleire store reiseoperatørar seg ut med dårleg tilgjengelegheit på nettsidene sine.

Kva er dei vanlegaste feila?

Dei vanlegaste feila vi finn er feil i kodegrunnlaget, mangel på tekstalternativ til bilete og illustrasjonar, feil bruk av lenker og dårleg kontrast. Dette gjeld både i privat og offentleg sektor.

Slike feil gjer at mange ikkje kan ta i bruk tenester og informasjon på nettet. Dette gjeld fleire brukargrupper, mellom anna personar med lese- og skrivevanskar eller utfordringar med minne og konsentrasjon, og personar som brukar leselist eller skjermlesar, eller andre som kan ha nytte av å få lese opp teksten.

Mange av feila er enkle å gjere noko med, og nokre enkle grep vil gjere norske nettsider mykje meir tilgjengelege enn dei er i dag. Rett bruk av tekstalternativ til bilete, betre struktur på nettsidene og korrekt fargekontrast vil auke tilgjengelegheita både for dei som navigerer med tastatur, brukar skjermlesar eller voiceover eller berre les nettsider på mobilen.

Tilsyn for universell utforming av IKT ligg under Difi og fører tilsyn etter forskrift om universell utforming av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT). Rettleiing om korleis du kan følgje krava finn du på tilsynet i Difi sine nettsider.

 

Kontakt