Utdanningssektoren si plikt til universell utforming av IKT-løysingar

Utdanningssektoren er førebels ikkje omfatta av verkeområdet til forskrift om universell utforming av IKT-løsninger. Difi anbefaler å utvide forskrifta til å også gjelde IKT-løysingar som vert brukt i skule og utdanning.

Publisert: 12. jan 2016, Sist endra: 08. des 2017

Rapporten gjer greie for i kva grad, og i kva omfang, opplærings- og utdanningssektoren allereie i dag har ei plikt til universell utforming av IKT, og dannar grunnlaget for å vurdere ei utviding av verkeområdet til forskrifta.

Difi anbefaler å utvide verkeområdet til forskrifta basert på ein samfunnsøkonomisk analyse. I den samfunnsøkonomiske analysen har vi vurdert to ulike alternativ, samanlikna med basisalternativet (inga regulering):

  • Alternativ 1: Alle nettløysingar i skule- og utdanningssektoren vert omfatta av gjeldande regulering.
  • Alternativ 2: Nettløysingar i skule- og utdanningssektoren vert omfatta av gjeldande regulering, med unntak av digitale læringsressursar.

Difi meiner det er samfunnsøkonomisk lønnsamt å innføre krav om universell utforming av IKT-løysingar i utdanningssektoren. Nytteeffektane omfattar tilgjengeleggjering av informasjon, fleire i utdanning og raskare studieprogresjon, meir produktiv arbeidskraft, auka sysselsetting og reduserte kostnadar til individuell tilrettelegging. Alle nytteeffektane er sentrale sider ved lova sitt føremål om likeverdig deltaking og inkludering i samfunnet.

Difi si anbefaling er derfor at utdanningssektoren som heilskap vert tatt inn i regelverket og at utvidinga av verkeområdet til reguleringa vert basert på alternativ 1.

Rapporten vart sendt til Kommunal og moderniseringsdepartementet for vidare behandling i desember 2014.

Kontakt