Tilsynets metode for måling av universell utforming av nettløysingar

Tilsynet i Difi måler og kontrollerer om nettløysingar er universelt utforma. Difi-rapport 2018:3 «Indikatorar og testreglar for universell utforming av nettløysingar – tolking av WCAG 2.0, nivå A og AA» beskriv metoden og korleis tilsynet har utvikla målemetodikken.

Publisert: 29. mai 2018, Sist endra: 20. aug 2018

Rapporten dokumenterer tilsynet si tolking av standarden for tilgjengeleg webinnhald (WCAG 2.0), og legg fram testreglar og indikatorar for måling av brot eller samsvar med standarden.

Som myndigheitsorgan er vi særleg opptekne av transparens og dokumenterte metodar. Tilsynet sine metodar for å måle i kva grad enkeltløysingar er i samsvar med regelverket, bygger på ei dokumentert tolking av regelverket og er utforma slik at tilsynet sine måleresultat kan etterprøvast og imøtegåast. Metodane for måling av universell utforming blir brukte både ved tilsyn og statusmålingar. Dei kan også brukast av verksemder som vil evaluere eigne løysingar eller kjøpe inn nye.

Forskrift om universell utforming av ikt-løysingar stiller krav til nettsider om å oppfylle 35 av 61 suksesskriterier i standarden Retningslinjer for tilgjengelig webinnhald (WCAG) 2.0.

I denne rapporten dokumenterer vi tilsynet sitt arbeid med

  • tolking og operasjonalisering av minimumskrava til nettløysingar som følger av forskrift om universell utforming av ikt (Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald (WCAG) 2.0 på nivå A og AA, med enkelte unntak)
  • metodar for test/verifikasjon av nettløysingar og kriterium for vurdering av samsvar eller brot med regelverket
  • ein datamodell som strukturerer testdata/testresultat, saman med metadata og andre informasjonskjelder – som grunnlag for statistikk og analyse
  • metodar for utval av testsider og nettløysingar for verifikasjon og statusmålingar

Viktige vedlegg

Ein viktig del av rapporten er vedlegga der du finn sjølve tolkinga av kvart enkelt krav i standarden.

  • Vedlegg 1 er tilsynet si tolking av WCAG 2.0 på nivå A og AA, det vil seie sjølve tolkinga av kvart enkelt krav i standarden.
  • Vedlegg 2 inneheld ein tabelloversikt med eit utval av metadata som viser kva tema som kvart enkelt suksesskriterium og testregel kan knytast opp mot.