Nye StimuLab prosjekt klare til å starte opp

Gruppebilde av prosjektledere fra StimuLab-prosjektene. Foto.

Årets sju nye StimuLab-prosjekt blei presentert for leverandørar i eit dialogmøte nyleg, og interessa frå bransjen var stor.

Publisert: 02. sep 2019, Sist endra: 05. sep 2019

Dei sju prosjekta presenterte sine problemstillingar og behov på eit dialogmøte med meir enn 60 deltakarar frå ulike leverandørar. Målet med møtet var å informere potensielle leverandørar om dei sju anskaffingane som blir kunngjort utover hausten og vinteren, og svare på spørsmål frå deltakarane.

Årets StimuLab-prosjekt omfattar mellom anna førebygging av gjeld, kommunale byggeprosjekt, organisasjonsendringar og medisinsk avstandsoppfølging. Felles for prosjekta er at dei skal løyse problemstillingar med utgangspunkt i brukarbehov gjennom ein open og eksperimenterande metode, med utgangspunkt i tenestedesign. Alle prosjekta skal be om designkompetanse, i tillegg til anna kompetanse som er tilpassa kvart prosjekt, frå dei private leverandørane.

No jobbar prosjekta vidare med sine konkurransegrunnlag og første kunngjering kjem i slutten av september.

Prosjekt i StimuLab 2019

  • Medisinsk avstandsoppfølging - St. Olavs hospital HF med flere
  • Utsiden inn - Arbeids- og velferdsdirektoratet med flere
  • Utenforskap - Bydel Nordre Aker (Oslo kommune)
  • Arkivfloken - Arkivverket
  • Digitale behandlingsplaner - Direktoratet for e-helse og Helsedirektoratet
  • Forebygging av gjeld - Brønnøysundregistrene med flere
  • Brukermedvirkning og samhandling i byggeprosjekter - Bærum kommune

 

Sharethis

Kontakt